Tre av ti studentar er ofte einsame
Ei helseundersøking blant norske studentar viser at tre av ti ofte eller svært ofte føler seg utanfor eller isolerte eller saknar nokon å vere saman med.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei tre spørsmåla som måler einsemd inngår i Studentenes helse- og trivselsundersøking. Mens 29 prosent svarte «ofte» eller «svært ofte» på minst eitt av spørsmåla, svarte 10 prosent det same på alle dei tre spørsmåla, skriv Norsk studentorganisasjon (NSO) i ei pressemelding.
– Vi må ta vare på kvarandre

Håkon Randgaard Mikalsen er leiar i Norsk studentorganisasjon. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO.
– Det er alvorleg at så mange studentar er einsame. Vi må ta vare på kvarandre. Det er mange som saknar nokon å vere saman med. Kanskje kan det vere litt skummelt å helse på studenten ved sida av deg i forelesingssalen, men gjer det likevel, oppfordrar NSO-leiar Håkon Randgaard Mikaelsen.
Organisasjonen oppfordrar alle studentar til å delta aktivt i fadderveka og å bli med på dei ulike sosiale tilboda som finst på sin institusjon. I helse- og trivselsundersøkinga for fire år sidan kom det fram at dei som var med på fadderveka, har fleire nære venner på studiestaden enn dei som ikkje deltok i fadderordninga.
Mikaelsen meiner også forelesarane kan bidra til eit trygt og godt fagleg sosialt miljø.
– Vi kan ikkje ha det sånn at så mange studentar ikkje har det bra i studietida.
Les innlegget: «Einsemd gjer stor skade, men let seg ofte lett bøte»