Fleire tusen studentar i bustadkø: – Håplaust å ikkje vite kor ein skal bu

Knapt ei veke før studiestart står 6193 studentar på venteliste for å leige gjennom Studentsamskipnaden i Oslo. Også i Bergen og Trondheim står fleire hundre i kø.

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 14.08.2018 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ein utruleg lei start for ein del studentar, og det er sånne situasjonar vi vil unngå, seier leiar i studentorganisasjonen, Håkon Randgaard Mikalsen.

Bjølsen studentby er ein av studentbygga som er heilt fullbooka for hausten. Illustrasjonsfoto: SiO

Han meiner det er viktig å sikre studentar trygge og rimelege stader å bu.

I august er Studentsamskipnaden i Oslo heilt fullbooka, og over seks tusen står på venteliste for å få bustad dei kommande månadane. Av desse er det 3400 som har ønska seg plass innan august. I Trondheim er det 477 studentar som ikkje har fått tilbod om bustad, og i Bergen står 345 på venteliste.

For få tilgjengelege bustader i fleire år

Ein oppdatert rapport frå Studentorganisasjonen, viser at under 15 prosent av studentane som treng studenbustad, får dette dekt gjennom Studentsamskipnadene. Desse tala har halde seg på same nivå i fleire år, sjølv om målet er at 20 prosent av studentane skal kunne leige gjennom samskipnadene.

Studentsamskipnaden har fleire byggeprosjekt på trappene for å utvide tilbodet. Leiaren i Studentorganisasjonen roser at det blir bygd fleire studentbustader, men meiner at det ikkje går fort nok.

– Det ser ut som utbygginga kun skjer i takt med auken av studentar. Målet på 20 prosent dekning meiner vi er nødvendig, også for å vere med å regulere prisane i utleigemarknaden, seier Mikalsen.

Les også: Line har budd i båt sidan ho var 19: – Som å vere på ferie kvar dag

Må finne andre løysingar

Dei som står på venteliste, må anten vente på at andre seier opp kontrakten på studentbustaden, eller finne andre løysingar på den private marknaden.

Studentsamskipnaden i Oslo opplyser om at det i desember og januar oftast er ledige bustader, blant anna fordi ein del internasjonale studentar avsluttar studia.

Studentar som ringer inn til Samskipnaden og spør om råd, får tips om å oppsøke andre private studentbustader. Anker studentbolig, Diagonale studentbolig, Campus G12 studentbolig, og finn.no og hybel.no er alternativ på den private marknaden.

Les også: Desse tinga må du tenke på før du leiger rom i kollektiv

Må oppdatere søknaden jamleg for ikkje å få han sletta

Bente Holmevik er sals- og marknadssjef i Sammen bolig, Bergen. Ho trur dei relativt låge ventelistetala i Bergen samanlikna med Oslo har å gjere med at dei jamleg kontrollerer søknadslista, og at den som søker bustad, aktivt må gå inn og oppdatere søknaden om han skal bli liggande i systemet. Dersom ikkje, vil søknaden etter ei tid bli sletta.

– Tala er dynamiske. Nokre trekker seg frå studiet, og nokre finn annan bustad. Vi er avhengige av at alle som har fått annan bustad går inn og trekker søknaden sin. Difor må dei reaktivere søknaden med jamne mellomrom for å oppretthalde plassen på ventelista, seier Holmevik.

Dei ser òg at talet på søkarar har gått ned dei siste åra.

– Det kan verke som den private marknaden er meir tilgjengeleg. Det er meir å velje i for studentane, og det er jo sjølvsagt bra for dei, seier Holmevik.

Les også: Halvparten av unge bustadkjøparar får hjelp av foreldra

– Studentbustad viktig for at studentane skal lykkast

Likevel meiner Studentorganisasjonen at å leige gjennom Samskipnadene definitivt er den beste løysinga.

Håkon Randgaard Mikalsen er leiar i Studentorganisasjonen. Foto:NSO/Skjalg Bøhmer Vold.

– Studentane er med og har fleirtal i avgjerder. Det drivast på ein god måte av folk som kjenner behova til studentane, og dyktige folk er med og gir råd, seier Håkon Randgaard Mikalsen i Studentorganisasjonen.

– Vi vil tilrettelegge for at studentane skal kunne lykkast i høgare utdanning. Studentbustad er eit viktig verkemiddel for at dei skal kunne sleppe å bruke tid på ekstrajobb.

Det er under ei veke igjen til studiestart, og leiaren i Studentorganisasjonen meiner det blir ein dårleg start om ein ikkje har ein stad å bu.

– Det er heilt håplaust å ikkje vite kor ein skal bu, om du flyttar til ein heilt ny by og skal ta fatt på nytt liv som student.

 Studentorganisasjonen får nye oppdaterte tal frå Samskipnadene torsdag denne veka.

Sjå studenbustadundersøkinga 2017