Halvparten av unge bustadkjøparar får hjelp av foreldra

Fem av ti bustadkjøparar i 20-åra har fått hjelp av foreldre eller svigerforeldre til finansieringa. Også blant bustadkjøparar i 30-åra er det mange som får hjelp.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For dei fleste eigarhushalda er bustaden det viktigaste formuesobjektet. Den sterke veksten i bustadprisane har ført til at bustadformuen til eigarhushalda har auka, samtidig som det har blitt stadig vanskelegare å komme inn på bustadmarknaden, seier førstekonsulent Lene Sandvik i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Sandvik er ein av forfattarane av den ferske rapporten Bustad og buforhold – i befolkninga og utsette grupper. Rapporten viser at 48 prosent av alle bustadkjøparar under 30 år har fått ei eller annan form for foreldrehjelp til finansieringa.

Hjelpa skjer oftast ved at foreldre eller svigerforeldre har stilt bustaden sin som sikkerheit eller kausjonert, men også ved direkte pengebidrag gjennom lån, gåve eller forskot på arv.

Bidrar til auke i forskjellar

Blant bustadkjøparar i 30-åra har 37 prosent av dei som har tatt lån for å kjøpe bustad, fått foreldrehjelp. Blant eldre bustadkjøparar er delen på 11 prosent.

– Foreldrehjelp kan bidra til å auke eigardelane blant unge, men det kan også bidra til auka forskjellar i eigarskap. Unge som har foreldre med moglegheit til å støtte bustadkjøp, kan i større grad komme inn på bustadmarknaden enn dei som ikkje har foreldre med ein god nok økonomi til å gi støtte, seier Sandvik.eigedom