Desse tre tinga må du tenkje på før du leiger rom i kollektiv

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 11.08.2018 22:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vit kven du leiger hjå og kven du skal bu med

Er det eit utleigefirma kan eit raskt nettsøk vise om det er nokre ugler i mosen. Dersom du skal flytte inn i eit bufellesskap, og det er nokon som skal fortsetje å bu der, gjer du lurt i å snakke litt med dei gjenverande bebuarane. Høyr kva dei har å seie, ikkje berre om standarden på bustaden, men òg om utleigar. Korleis er han å ha med å gjere? Fiksar han ting som må fiksast innan rimeleg tid? Eit alternativ kan vere å spørje utleigar om referanse frå nokon som har budd der tidlegare.

Bli òg litt kjend med dei som bur eller skal bu der, dersom du har moglegheit til det. Finn ut kven dei er, og korleis dei kan vere å bu med. Har dei reglar i kollektivet, og er desse fornuftige? Er det nokon du kan kommunisere godt med, og som ikkje er vidt forskjellig frå deg sjølv? Det er keisamt å måtte dele bustad med nokon som likar å ha heimefestar dersom du føretrekk å ha det roleg.

Les også: Line har budd i båt sidan ho var 19 år

Reis på visning, så langt det er mogleg

Her får du gjerne moglegheit til å treffe både utleigar og moglege medbuarar. Kan du ikkje reise på visning er det endå viktigare at du snakkar med dei som bur der om standard og liknande. Be gjerne òg om fleire bilete, sjølv om det er begrensa kva desse kan fortelje deg. Er det ein eldre bustad bør du finne ut i kva grad det er trekk og kor god oppvarminga er. Du bør òg finna ut kva straumprisane ligg på, spesielt om vinteren. Sjekk veggar, tak og gjerne baksida av møblar for spor av mugg.

Tenk over kva behov du har. Om du skal bu på eit lite soverom og det ikkje er noko fellesareal kan dette bli kjipt i lengda. Er rommet møblert? Er plasseringa av leiligheita grei for deg, og er kollektivtilbodet bra? Får du plass til alt du treng på rommet du skal leige?

Før du flyttar tinga dine inn i bustaden bør du ta mange bilete av korleis det såg ut når du tok over. Få med bilete av alt som kan sjå ut som skadar, vere det slitasje på golv eller spikrar i veggen. Sjekk at vindauge og dører fungerer som dei skal, og sjå etter eventuelle skadar på møblar. Er det noko som bør rettast opp, bør du seie ifrå til utleigar med ein gong.

Les også: Meir enn 300 nordmenn har no milliongjeld hjå Lånekassen

Les kontrakten nøye

Dette kan ikkje seiast ofte nok. Dei fleste opererer med standardkontrakt. Det er spesielt viktig å vite kva den seier angåande oppseiingstid. Nokre har oppseiingstid på to eller tre månader. Andre er langtidskontraktar, skrivne for eitt til tre år av gangen. På desse kan det vere vanskeleg å sleppe ut av kontrakten utan å oppfylle visse krav først.

I fleirårskontraktar kan det vere slik at ein lyt sei opp innan ei fast tid kvart år. Seier du ikkje opp innan denne faste datoen, kan det då vere slik at du lyt finne ein ny bebuar for å verte løyst frå kontrakten. 

Dersom du trur det er moglegheit for at du flyttar før det har gått eit år, bør du unngå langtidskontraktar.

I kontrakten står det òg kva som er ditt ansvar og kva som er utleigar sitt. Normalt vedlikehald vil vanlegvis vere din jobb. Dette vil seie vasking, skifting av lyspærer, plumbo i avløpsrøyr og liknande. Vedlikehald i eventuelt uteområde vil vanlegvis falle innanfor utleigaren sitt ansvar, dersom kontrakten ikkje spesifiserar noko anna.

Lukke til i jakta på den perfekte staden å bu!

Les også: Utflyttinga frå Oslo aukar kraftig