– Skular, fengsel og kasernar har jo mykje sams!

Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 08.08.2018 13:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skulegang skapar ein meir fleksibel sosial struktur enn naturen, der pengane og volden rår. Sorteringa i skulen kan verka brutal, men jungellova i naturen er minst like ille, seier Hilde Sejersted (77), pensjonert lektor frå Oslo katedralskule, der ho arbeidde frå 1968 til 2008. Som lærar drilla ho mange hundre i latin, og fleire tusen i norsk og historie.

Læraryrket er ho ferdig med, men i pensjoniståra har ho halde fram med å undervisa gjennom sine bøker og bidrag til ordskiftet. Seinast i fjor gav ho ut boka Litt latin med Vibeke Roggen, ein tidlegare elev, og ho skriv essays i avisa innimellom. Kan henda blir saknet etter klasserommet mindre då.

– Læraryrket kan vera fantastisk om du synest det er verdfullt, og om du får det til. Det er eit yrke der personen framleis kan utgjera ein skilnad. Det einaste eg mislikte med å vera lærar, var å setja karakter, for då er du ein slags handlangar for det svært effektive sorteringsregimet til skulen.

– Ingenting har endra seg i skulen

Oslo katedralskule blei grunnlagt i 1153, men fekk sine noverande lokale i 1902. Hilde Sejersted kom litt seinare. Foto: Anders Beer Wilse

Sejersted er ikkje imot sortering – det er eit av hovudføremåla med skulen, slik ho ser det. Derimot er ho svært kritisk til læreplanane, som ho meiner Utdanningsdirektoratet (Udir) har gjort for omfattande.

– Eg seier ikkje at Udir er senteret for mørkets fyrstar, men desse læreplanane er så pretensiøse at det blir ein eigen sjanger. Fagfolka som skriv dei er kyndige nok, men dei manglar bakkekontakt, sukkar ho.

Sejersted oppmodar likevel alle elevar om å lesa læreplanane, som trass alt seier kva lærarane forventar av dei i kvart fag.

Samstundes lengtar ho ikkje spesielt tilbake til før i tida. På spørsmål om kva som har endra seg i norsk skule sidan ho byrja å undervisa, eit svært ope spørsmål som gir rikeleg med høve til å klaga over stoda i dag, svarer ho ganske enkelt.

– Ingenting har endra seg. Skule er skule.

Les også: Læreplanen må slankast endå meir

– Merkeleg at fråfallet ikkje er høgare

Sjølvsagt veit Sejersted at ein del ting på yta ikkje er dei same – viktigast er kan henda at utdanning er meir tilgjengelig no enn før. I praksis er vidaregåande òg blitt obligatorisk, sjølv om mange ikkje får vitnemål. Det siste overraskar henne ikkje.

– Når me diskuterer fråfallet, og folk seier at «elevane må læra meir, lærarane må bli betre, ein må finna nye metodar», så er det berre tilsløringar, tilsløringar, tilsløringar, også kalla bullshit. Det merkelege er ikkje at så mange fell frå, men at dei fleste faktisk kjem gjennom! Så ambisiøse som kompetansemåla er, kan ein lura på korleis lærarane får det til.

Tidlegare skulle jentene gå på husmorskule. Foto: Oslo museum, CC BY-SA 4.0-lisens

Fråfallstala har lege stabilt sidan 1990-talet. Det at tala var lågare for 50 år sidan, kjem av at det tidlegare fanst alternativ til vidaregåande. Skuletrøytte gutar drog gjerne til sjøs, fekk jobb på fabrikken eller blei bønder, medan jentene stort sett tok ei lengre eller kortare husmorutdanning.

Les også: Vil ha tynnare læreplan

Skule = fengsel

Men skulekvardagen for elevane og lærarane har ikkje endra seg, meiner ho. Dei hierarkia og spenningane mellom grupper som me kjenner frå storsamfunnet, oppstår òg i skulen, og slik har det alltid vore.

– Livet på ein skule er fascinerande. Det er ei scene og eit spegelbilete av verda, forklarer Sejersted.

Skulen blei definert lenge før vår tid, og var inspirert av eldre statlege institusjonar.

– Skular, fengsel og kasernar har jo mykje sams! Ein skulegard minner openbert om ein fengselsgard, seier Sejersted.

Les også: Oslo voks fram på leire og møkk

Morna latin!

Samstundes er det éin ting som er nesten forsvunne: latinen. Latinen har sjølvsagt vore borte ei stund, men det var eit av dei viktigaste faga i skulen heilt frå katedralskulane blei oppretta i mellomalderen til langt utpå 1800-talet. Fram til 1857 måtte alle skrive latinsk stil til examen artium, russeeksamen altså, som det rett nok var svært få som tok før i tida.

– Latin er det ideelle sorteringsfaget og blei brukt til sortering i fleire hundreår. I min ungdom var det matematikk og tysk som hadde den rolla, men no har matematikken teke heilt over, kan henda i lag med nynorsk?

Å atterreisa latinen i norsk skule er sjølvsagt ei umogleg oppgåve. Sjølv Morgenbladet, akademikaravis nummer éin, fekk seg til å skriva fylgjande i 2015:

Sejersted er framleis latinformidlar og gav ut boka «Litt latin» med Vibeke Roggen i fjor haust.

– Å læra seg å lesa og skriva latin og gresk har aldri vore omnibus, «for alle». Språket og den klassiske arven har snarare vore ein referansebrønn for den utdanna eliten.

Hilde Sejersted er ikkje den som gret over latinens avferd – ho talar med glød om den latinfiendtlege romanen Gift frå 1883 av Alexander Kielland, som får æra for at latinen blei teken vekk frå skulen.

Men det var kan henda litt drastisk å fjerna latinen heilt?

– Klassiske fag gir kulturell kapital, slik at når du høyrer om akilleshælar og janusandlet, så er du med, seier ho. Men det stoggar ikkje der.

Les også: Ikkje avslutt støtta til latinundervisninga!

Forstå verda med latin

– Matematikken har teke over som sorteringsfaget, men latin har mykje større overføringsverdi enn matte for dei fleste menneske. Poenget med å læra latin og gjerne litt gresk også, er å læra norsk! Latinen vekkjer respekt – han gir deg eit omgrepsapparat som du kan forstå verda med.

Alle ord har eit opphav, og mange av dei kjem frå latin. Ordet testikkel tyder til dømes «lite vitne», sidan vitne i romerske rettssaker måtte opptre minst i par for å bli tekne seriøst. Ein kom ikkje lenger med eitt vitne enn med éin testikkel – testis unus, testis nullus, som dei sa.

Sejersted fortel at til dømes det latinske ordet hostis kan tyda både «fiende» og «framand».

– Kvar ein framand er altså ein mogleg fiende. Sjå berre på den trojanske hesten. Det tyder på at revirinstinktet ligg djupt i oss alle, resonnerer ho.

Les også: Kvifor snakkar ingen latin?

– Skulen er ein fellesarena i ei tid som treng det

Kan henda blir me aldri kvitt den vesle skepsisen til innflyttarar som iallfall ein del av oss ber på. Men noko av det me har skulen for, er å få eit meir ope sinn til andre menneske, inkludert dei frå andre land.

– Skulen gir sjansen til å venda seg til dei andre. «Helvete er dei andre,» ikkje sant?

Sejersted er skeptisk til alle slags privatskular, sidan ho meiner dei forsterkar skilnadar i samfunnet.

– Dei flinke og kunstnariske elevane er så verdfulle at dei har ei plikt til å dela av sine talent. Då må dei gå i fellesskulen, ikkje på ein privatskule. Skulen er både ein naturleg og kulturell fellesarena i ei tid som treng det.

«Bokhyllen er den stige hvorpå du kan bli din overmanns like,» skreiv Henrik Wergeland. Litografi av G.L. Fehr etter tegning av J. Møller.

Alternativet, meiner ho, er at skulelysa går på nokre skular og dei skuletrøytte på andre. Då blir det som i Matteusevangeliet: «For den som har, skal få og det i overflod; men den som ikkje har, skal mista sjølv det han har.»

Litteraturen kan heldigvis gi trøyst også. Sejersted tek fram eit sitat frå Henrik Wergeland, som alle norskelevane hennar blei grundig skulert i:

«Bokhyllen er den stige hvorpå du kan bli din overmanns like»

Og bokhylla, det er skulen.

Les også: Om Hulda møtte Donald