Det er småleg å kutte støtta til eit lite fag som er så sårbart, når det fører til at 25 prosent av latinundervisninga i Noreg forsvinn.
Herdis Auestad Nergaard (17)
Herdis Auestad Nergaard (17)

I økonomiplan til Rogaland Fylkeskommune for 2018–2021 blir det føreslått å avslutte den ekstra finansieringa fylket gir til språklinene arabisk og latin. Latinelevane på Sandnes vgs synest at dette er ein svært dårleg idé, sjølv om kutta ikkje råkar oss direkte. Eit kutt som dette vil føre til mange negative ringverknadar for latin, og me vil ta for oss nokre av desse i dette innlegget. I tillegg ønskjer me å opplyse om nokre av dei svært mange positive sidene ved å lære latin.

For det fyrste vil ei avslutting av finansieringa til latin føre til at faget blir lagd ned på skulen. På grunn av eit stramt budsjett, er leiinga på skulen nøydde til å fylle opp klassane, og det må vere minst 15 elevar i kvar klasse. I latin er klassane små, det er vanlegvis ikkje meir enn 5-10 elevar i klassane. Viss den ekstra støtta blir kutta, vil ein ikkje klare å halde fram med faget på skulen.

For det andre vil ei nedlegging av faget føre til at 25 % av latinundervisninga i VGS i Noreg blir lagd ned. Det er berre fem vidaregåande skular i landet som tilbyr latin; Oslo Katedralskole, Trondheim Katedralskole, den katolske skulen i Bergen og Sandnes vidaregåande skule. Dette vil føre til at enno færre elevar enn før lærer latin, som er veldig negativt. Det er vanskeleg å byrje på eit studium i latin på universitetet utan forkunnskapar, og det er få som studerer latin i Noreg. I visse stillingar på universitetet krevst det latinkunnskapar, og dei aller fleste av desse stillingane blir fylte av personar frå utlandet, fordi det ikkje finst nordmenn med gode nok latinkunnskapar til å få desse stillingane.

For det tredje er latin eit fag som det gir svært mange fordelar å lære. Blant anna får ein eit svært godt grunnlag for å lære andre språk, men spesielt romanske, til dømes fransk, spansk, og italiensk. I dag er det veldig viktig å kunne fleire språk, og styresmaktene har både vedteke og oppfordrar til å ha gode språkkunnskapar. Dette skjer blant anna ved at me startar med eit tredje framandspråk i 8. klasse, og at ein får ekstrapoeng for å halde fram med dette framandspråket i vg3. I tillegg får ein ekstrapoeng for å ta latin i vg2 og vg3. Dette viser at myndigheitene synest faget er viktig, og då blir det eit paradoks at støtta til latin skal kuttast.

I tillegg kjem latin godt med i vidare studium. For det fyrste gir latin oss eit større vokabular, og dette kjem godt med når ein skal studere, uansett kva fagområde ein vel å studere innanfor. Mykje av fagterminologien kjem frå latin, og ein får difor eit fortrinn når ein skal studere. For det andre er måten me jobbar på i latin, veldig konsentrert. Me må organisere stoffet, vere veldig fokuserte, og til ein viss grad jobbe sjølvstendig med faget. I tillegg må ein jobbe regelmessig med latin; for å seie det på latin: Gutta cavat lapidem, non vi, sed saepe cadendo. («Dråpen utholar steinen, ikkje ved makt, men ved å falle ofte».)

Dette kuttet vil kanskje gjere at fylkeskommunen får litt betre råd, men dei negative konsekvensane av det er mykje større enn dei positive, og latinelevane på Sandnes vgs meiner at er småleg å kutte støtta til eit lite fag som er så sårbart, når det fører til at faget må leggje ned, og at 25 % av latinundervisninga i Noreg forsvinn.

Oppdatert: måndag 11. desember 2017 16.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE