Om Hulda møtte Donald
«Det å stenge folk ute er ikkje ein måte å gjere eige land stort på.» Det ville Hulda Garborg sagt til Donald Trump om dei møttest i dag, skriv Magne Aasbrenn i denne teksten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter presidentvalet i USA ser vi at det er ein tendens. Landa i Vesten skal passe eigne saker; gjerder og murar skal opp, og lov og rett skal gjelde på den måten at han treffer dei svakaste først. Donald Trump vann valet på slagordet «Make America Great Again», og med det innrømmer han jo at Amerika ikkje er så bælstort akkurat nå. Men mur og deportasjonar skal reparere statusfallet.
Tonen er den same i europeiske land der aukande forskjellar mellom samfunnsklassane og teknologisk utvikling har gjort at stadig fleire kjenner seg parkerte på sidelinja. Med Brexit skal gamle England ideelt sett bli ført tilbake til eit Postman Pat-land der det meste er idyll.
I Tyskland marsjerer Pegida, i Nederland spreier demagogen Geert Wilders hat, og til og med i det politisk korrekte nabolandet vårt er Sverigedemokraterna ute etter å «halde landet reint» mens nazi-grupper demonstrerer i gatene.
Makt til den jamne mann
Det er når ei slik utvikling skjer, at eg blir glad i den norske «nasjonale» tradisjonen og faktisk til og med litt glad i det partiet som kallar seg Framstegspartiet. Nå som det ser ut til at USA skal bli meir amerikansk, England meir engelsk og Sverige meir svensk, er det verd å legge merke til at å bli meir norsk inneber noko anna.
Tradisjonen her til lands kan vi godt seie starta med Hans Nielsen Hauge, som møtte Gud da han pløgde jordet heime. Temaet hans var at det var ikkje berre prestane og dei skriftlærde som kunne halde tale om Bibelen – nei, vanlege folk kunne også det. Dette var ein sjokkerande påstand som prestestanden så klart var imot. Dermed blei Hauge fengsla.
Den som tok opp denne tradisjonen med å opponere mot øvrigheita og gi makt til den jamne mann, var Henrik Wergeland. Etter 1814 var Noreg omtrent der Kurdistan er nå, vi ville ha eit eige land, men var ikkje heilt der, og framtida vår var avhengig av sjakktrekka til supermaktene.
I dette politiske landskapet fremma Wergeland dei norske ideala og den norske bonden – men (og dette er viktig) samtidig gjekk han inn for å endre grunnloven slik at også jødar skulle få tilgang til riket. At han støtta jøde-innvandring, var nettopp eit uttrykk for idealet om at alle skulle vere like mykje verd i dette nye landet Norge.
Aasen, si tids Zuckerberg
Idealet for den norske nasjonalromantikken var altså livet ute på bygdene. Ekstra tydeleg blei dette da Ivar Aasen 23 år gammal sat og skreiv «Om vort Skriftsprog» for seg sjølv i Hovdebygda ved Ørsta.
Som ein like ung Mark Zuckerberg tenkte han stort og ville lage noko som kunne gi alle nordmenn ei røyst uavhengig av «sentrum». Skriftspråket i det nye landet skulle dermed ikkje bli bygd på talemålet til den rike eliten i Christiania der dansk skrift blei uttalt bokstavrett på norsk, men vere eit felles skriftspråk for alle dei norske dialektene.
Berre folk rundt 20 kan både tenke noko så radikalt og så faktisk sette i gang å realisere det. I ein av versjonane av «Nordmannen» (altså «Mellom bakkar og berg») gir Aasen tydeleg uttrykk for ungdomsidealet om at i det nye landet skulle både bonde og borgar vere likeverdige: «Millom Kaksar eg litet kann trivast. Millom Jamningar helst er eg nøgd».
Frå 1897 blei det lagt strategiar av Hulda Garborg og kretsen rundt ho og mannen Arne i Labråten i Asker. Det som er mest synleg i dag av det ho gjorde, er bunadtradisjonen. At bondedrakter kunne bli stasplagg, var enda eit utslag av at den norske bonden blei sett på som ideal.
Viss Garborg møtte Trump
Nå på 2000-talet prøver svenskane å få fart på «Svenska flaggans dag», men det er ikkje lett. Det er fordi deira «store fortid» har ein emmen smak av stormaktstid og erobring av framande land. Vi har det litt slik med vikingtida, men likevel er vårt tydelegaste nasjonale ideal framleis den jamne bonden. Vi er og blir «bønda ifra nord» – likeverdige, arbeidsame individualistar som veit at vi må stille til dugnaden.
Om ein plasserte Hulda Garborg i ein tidsmaskin sånn at ho kunne møte Donald Trump, så ville ho sagt at det å stenge folk ute ikkje er ein måte å gjere eige land stort på. Eit land blir «større» om det er lov i det landet at folk er forskjellige, men likeverdige, og om det er liten skilnad på fattig og rik.
Norsk bunad og kurdisk nasjonaldrakt står bra til einannan på 17. mai. Denne «opne» tradisjonen og tilliten er typisk norsk – enn så lenge. Og takk for det, nå som murar blir streka opp på kartet.
Teksten stod først på trykk i Fredriksstad blad 25.11.
Viss Donald Trump møtte Arne og Hulda Garborg… Foto: Nasjonalbiblioteket / Wikimedia Commons, Gage Skidmore / Flickr / CC BY-SA
Les også Are Kalvøs vittige satire om dekkinga av presidentvalet: Eg er faktisk den einaste i heile verda som veit korleis det er å vere folk flest.