Ny utgreiing stakar ut kursen for skulen i framtida.

mm

I dag, måndag, fekk kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen hovudrapporten frå Ludvigsen-utvalet. I rapporten påpeiker utvalet at skulen må fornya seg i takt med at samfunnet endrar seg.

Utvalet ønskjer meir djupne og mindre breidde og færre særinteresser i læreplanen.

– Samfunnet endrar seg raskt, og dette må reflekterast i innhaldet i skulen. Utvalet vektlegg fagkompetanse og kompetanse som er viktige i mange fag, som å kunne læra, kommunisera, samarbeide, delta, utforska og skapa, seier utvalsleiar Sten Ludvigsen i ei pressemelding.

– Ulike fagområde endrar seg raskare enn tidlegare. Fagfornyinga må ta omsyn til at utviklinga av forståinga til elevane tek tid, seier han.

Kunnskapsministeren takkar utvalet for innsatsen.

– No ser eg fram til å setta meg inn i rapporten. Eg vil også takka utvalet for at dei har vore så opne med sitt arbeid undervegs og bidratt til å løfta ein viktig debatt om skulen i framtida, blant anna ved aktiv bruk av sosiale medium, seier han.

LES OGSÅ: Vil fjerna tidstjuvar i skulen

– Lovar godt
– Utvalet peikar ut retninga i skuledebatten framover, utan å foreslå detaljerte tiltak eller ei konkret reform, og det trur eg er klokt, seier Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet.

Lied seier at ho av heile lærarhjartet sitt støttar den breie forståinga av kompetanse som utvalet lanserer.

– Skal me lukkast med å førebu barn og unge på framtida må me ha ein skule som ser og utviklar heile mennesket. Eg ser på mange av forslaga frå utvalet som eit bidrag for å revitalisera dei breie samfunnsmandata til skulen, seier Lied i ei pressemelding.

Utvalet legg opp til at det i skulen i framtida meir skal vera eit samspel mellom kompetansen til eleven i sjølve faga og kompetanse i kommunikasjon, samarbeid, kreativitet og i det å læra.

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründerar

Problemløysing
Kompetansar som kreativitet, innovasjon, kritisk tenkning og problemløysing blir sett på som kompetansar skulen bør bidra til å utvikla.

Ungt Entreprenørskap støttar utvalet sine tilrådingar og er glade for den tydelege plassen desse framtidskompetansane har fått i rapporten frå utvalet.

– Kreativitet og innovasjon er ikkje teoretiske øvingar. Me meiner at samhandling mellom skulen og arbeidslivet er viktig for å gjera læringa verkelegheitsnær og skulen relevant, seier Tor Kåpvik, fung. administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge.

– Me veit ikkje kva me skal leva av i framtida, men me veit kven me skal leva av. Skulen i framtida må vera verkelegheitsnær. Her må skuleeigarar og skuleleiarar kjenna besøkelsestida si og saman med arbeids- og næringsliv leggja til rette for entreprenørskap i utdanninga, held Kåpvik fram.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE