LOs sommarpatrulje avdekker brot kvar dag

Synne Grimen Hammervoll
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For mange er det den første jobben dei har, eller ein jobb dei har ved sidan av studiane, og dei er avhengige av pengane. Terskelen blir høg for å sei i frå.

Det seier Sarah Gaulin, fagleg ungdomssekretær i LO i Oslo og Akershus. LOs sommarpatrulje har dei siste vekene vore aktive i heile Noreg for å sjekke arbeidsforholda hjå ungdom. I år er patruljen ute for 33. år på rad.

Besøker 7000 verksemder

– Me har ungdom i fokus, og skal vere ein informasjonskanal for ungdom i arbeid, seier Bjarne Lagesen, som leiar LOs sommarpatrulje på landsbasis.

Han fortel at det på landsbasis er omlag 600 frivillige som deltek i patruljen, og at desse besøker vel 7000 verksemder.

I Oslo og Akershus har patruljen tidlegare vore innom kring 1000 verksemder. Der har dei vanlegvis kring 50 frivillige med seg, ifylgje Gaulin.

– Mange blir aktive fordi dei har opplevd at noko var feil på jobb, og vil betre situasjonen for andre. Det er derfor dei er så engasjerte og er med på dette, seier Gaulin.

Les også: Hyppige pausar gjer deg meir effektiv

Mange kontraktproblem

Med seg har patruljen skjema dei fyller ut om dei finn feil, og eit hefte med informasjon om rettane arbeidstakarar har. Foto: Synne Grimen Hammervoll

Gaulin fortel at dei avdekkar brot kvar dag dei er ute, og at mange av dei dreier seg om kontrakt. Som eksempel fortel ho at det er fleire som har kontraktar på låg prosentstilling, men likevel har jobba fulltid over lengre tid.

– Den kontrakten er ikkje gyldig. Om den tilsette skulle bli sjuk og treng sjukepengar frå Nav, får dei betalt utifrå stillinga dei har på kontrakten. Det kan skje kven som helst, det veit me. Det er ei ganske tung skjebne for mange.

Gaulin kan òg fortelje at det er mange som har nulltimarskontraktar. Desse er gjerne tilsette som ekstrahjelp, og skal jobbe når dei blir tilkalla. Likevel er dei sette opp på vaktlister fleire veker fram i tid. Då skulle dei eigentleg vore tilsette som deltidsarbeidar.

Men det verste er dei som ikkje har nokon kontrakt i det heile.

– Då finst det ingen skriftleg dokumentasjon på at vedkommande er tilsette der. Det er noko av det grovaste me ser. Då har dei ingen rettar om det skjer noko.

Les også: Sommarjobben deira: Leikar med ungar i barnehagen

– Vanskeleg å seie ifrå

Ifylgje Gaulin møter sommarpatruljen fleire som veit at ikkje alt er i orden, men tykkjer det er vanskeleg å gjere noko med det.

– Mange er klare over at dei ikkje har det bra på jobben. Men det er vanskeleg å ta det opp. Dei veit dei vil bli avvist av sjefen. Då veit dei at dei anten må organisere heile verksemda for å få viljen si, eller finne seg ein ny jobb.

– Forbundet hjelper til, og kan vere med å forhandle, men ofte kan sjefen seie at det vil bli urettferdig for dei andre i bedrifta. Det spelar på samvitet til dei unge tilsette.

Mange er klare over at dei ikkje har det bra på jobben. Men det er vanskeleg å ta det opp.

Når dei finn feil ved ein arbeidsstad informerer sommarpatruljen om brota, og fortel dei tilsette kva rettar dei har. Om dei ikkje er fagorganiserte, blir dei oppfordra til å verte det, slik at dei har eit forbund i ryggen som kan stille med gratis juridisk hjelp.

Gaulin fortel at det òg hender at dei kan konfrontere sjefen, om dei tilsette tykkjer det er greit. Då har dei moglegheita til å rydde opp.

– Det skjer mange gongar, at sjefen seier at dei ikkje var klar over det og ber om orsaking.

Les også: Fire av ti bedrifter tilset sommarvikarar ulovleg

Blir overvaka på jobb

Sommarpatruljen oppdagar gjerne når dei går igjennom rettane til tilsette at det er brot på reglane kring overvaking. Det er nemleg ikkje lov å overvake dei tilsette, og dei skal vere klar over kvar det er kamera, kven som har tilgang til opptaka og kor lenge opptaka varer.

Sjølv om dei tilsette ikkje skal overvakast, er det i butikkar lov å overvake kassa, sidan det er der ein tek tjuvar. Dette kan bli nytta som ei gråsone, der sjefen nyttar kameraet til å fylgje med på den som sit i kassa.

– Det er tilsette som får melding på jobb om at dei må gjere andre ting fordi dei har lite å gjere. Då er det tilsette som seier sjølv at dei føler seg overvaka, fortel Gaulin.

Ho fortel at somme sjefar har kamera tilkopla ein app på mobilen, og kan fylgje med overalt. Det tykkjer mange tilsette er ubehageleg.

Manglar tilfredsstillande opplæring

Bjarne Lagesen leiar LOs Sommarpatrulje på landsbasis. Foto: Trond Isaksen

Eit anna problem sommarpatruljen er borti er at mange får mangelfull opplæring. Nokre blir berre sette i gong for å lære undervegs. Somme trur dei har fått opplæring, men har ikkje lært alt dei skulle.

– Det å få opplæring gjeld òg å vite kva dei skal gjere om det byrjar å brenne, korleis skal dei handtere situasjonen, og kvar rømmingsvegane er. Det er mange som ikkje veit dette, seier Gaulin.

Lagesen bekreftar at mangelfull opplæring er eit problem.

– I fjor var det 8,8 prosent som sa at dei følte dei ikkje hadde fått tilstrekkeleg opplæring. Det kan jo faktisk vere farleg, for då kan ein skade seg. Det er ikkje sikkert ein har kompetansen ein treng for jobben, og ein kan føle seg utrygg, seier han. 

Les også: Frida vil gå påbygg, men Fylkeskommunen ser helst at ho tek fagbrev

– Godt gjennomført patrulje

Sjølv om dei ikkje har samla tala for denne sommaren endå, fortel Lagesen at det har vore ein god sommar for patruljen.

– I år har det gått veldig bra, det har vore ein godt gjennomført patrulje. Me har fått gjort mange besøk, og det har vore god stemning.

Det gjeld òg på arbeidsstadane sommarpatruljen er innom, meiner Lagesen.

– Bedriftsleiarar og eigarar blir glade for å sjå oss. Dei aller fleste har jo alt på stell. Og dei som ikkje har det, vil rydde opp.

2017 2016
Antall besøkte arbeidsplassar 7223 6243
Antall arbeidsplassar med brot 2922 (40,4%) 2279 (36,5%)
Totalt antall brot* ** 4410/2490 3670/2291
Brot pr. arbeidsplass med brot 1,51 1,61
Antall brot pr. besøkte arbeidsplass* 0,610 / 0,345 0,588 / 0,367
* Tala bak skråstrekane er utan verneombodsbrot og dermed meir samanliknbare med fjoråret.
** Dersom f.eks. to arbeidstakarar ved ei verksemd manglar kontrakt, vert dette berre registrert som eitt brot. Dersom arbeidsplassen f.eks. har brot både for kontrakt og pausar, så tel dette som to brot.
Kilde: LOs sommarpatrulje

Les også: Stadig færre unge har sommarjobb