Fire av ti bedrifter tilset sommarvikarar ulovleg

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen bedrifter som på ein eller annan måte lèt sommarvikarane sine arbeida under ulovlege forhold, har auka frå 36,5 prosent i fjor til 40,5 prosent i år. Det kjem fram etter rundt 7.000 umelde bedriftsbesøk som LOs sommarpatrulje har vore på i år.

– Dette viser eit framleis pressa arbeidsliv for mange unge, seier ungdomsrådsgjevar Pål Henriksen Spjelkavik i LO til NRK.

Aukar mest i Agder-fylka

Ei årsak til at omfanget har auka i år, er at LO no også registrerer brot påbodet om verneombod – som er det vanlegaste brotet sommarpatruljen avdekkjer. LO fann også fleire brot på pausereglane, overtidsreglar, arbeidstid, arbeidskontrakt og overvaking. 11,9 prosent gjaldt brot på arbeidstida.

Omfanget av lovbrot aukar mest i Aust-Agder (+53,6 prosent), Vest-Agder (+59,3), Hordaland (+41,2) og Møre og Romsdal (+29,8).