Frida vil gå påbygg, men Fylkeskommunen ser helst at ho tek fagbrev

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Porten.no

Luster: – Eg har søkt påbygging til generell studiekompetanse i Årdal etter to år på helse og oppvekstfag, seier Frida Kvalsvik.

Ho står på plass nummer 1 på ventelista, på ei linje der det er plass til seks elevar frå yrkesfag.

Årdal prioriterar dei som har fagbrev frå før

– I Årdal er det eit eige tilbod for dei som har fagbrevet. Dei har rett til ein plass på påbygg, og dermed er det igjen seks plassar til ordinært påbygg, forklarar Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane.

Det tykkjer Frida er dårleg.

– Mange andre har ikkje andre moglegheiter enn påbygg. Eg har vener som er på plass 5 og 10, då sit dei utan noko å gjera om dei ikkje kjem inn. Sjølv anar eg ikkje kva eg skal gjera om eg ikkje kjem inn.

Vil at fleire skal ta fagbrev framanfor påbygg

Skaasheim forklarar grunnen til vedtaket slik:

– Det er avgrensa plass fordi det er gjort eit politisk vedtak om at allmennfagleg påbygg skal reduserast. Dette har me gjort over nokre år for å få fleire til å ta fagbrev.

Frida på si side er derimot heilt sikker på at ho ikkje ynskjer å ta noko fagbrev innanfor helsefaget.

– Eg hadde ikkje peiling på kva eg ville når eg skulle til på vidaregåande. Eg valde helsefag fordi det passa meg best då. Eg veit fortsatt ikkje kva eg vil bli og difor treng eg generell studiekompetanse.

– Det må vera lov å velga feil linja

Ho meiner det må vera rom for å velga feil linja når ein tek til på vidaregåande.

– Du er ikkje så gamal og veit gjerne ikkje kva du vil bli. Både eg og vennene mine valde linja ut frå interessa me hadde der og då, og det kan forandra seg.

Ho føler at å ta eit fagbrev vil vera vekkasta tid.

– Det verkar nesten som om dei vil tvinga eit fagbrev på oss når dei minskar tilbodet om påbygging til generell studiekompetanse. Eg orkar ikkje bruka to år på å ta eit fagbrev når eg absolutt ikkje vil, då kjem eg jo til å bli deprimert, seier ho oppgitt.

Alle skulane har venteliste

Bekka Skaasheim seier at det politiske vedtaket om at allmennfagleg påbygg skal reduserast er gjort for å få fleire til å ta fagbrev. Foto: Kristjan Logason

Det er ventelister på alle skulane i fylket som tilbyr påbygging til generell studiekompetanse.

– Det er oversøking på alle, men det er ofte fordi folk søker fleire plassar. Dette er heilt vanleg ved fyrste inntak. Ein del regulerar seg nærmare skulestart, men det er ikkje alle som får tilbod heilt til slutt, og då må dei prøva å skaffa seg læreplass, seier Skaasheim.