Stadig færre unge har sommarjobb

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På slutten av 90-talet viste tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at så mange som tre av fire ungdommar mellom 15 og 17 år hadde sommarjobb.

No har trenden snudd. Berre 37 prosent hadde sommarjobb i 2017.

– Det er lett å slenge inn ein kommentar om at norsk ungdom er late, men eg trur bildet er meir nyansert enn det, seier bransjesjef for handel i NHO Service og Handel, Leif Bache-Mathiesen, til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Han meiner arbeidsgjevarane må ta sin del av skulda.

Trur og foreldra har blitt latarte

– Eg trur arbeidsgjevarane kan bli flinkare til å informere tidlegare om at dei ønsker vikarar. Eg trur også foreldra har blitt litt latare. Dei har ikkje like store ambisjonar om å få barna i jobb som før.

Ungdomsrådsgjevar i LO og leiar for LOs sommarpatrulje, Bjarne Lagesen, meiner nedgangen har fleire grunner.

– Frå Fagforbundets ungdomsbarometer veit vi at fleire jobbar deltid ved sida av studiane. Det kan gi deg moglegheita til å ta fri om sommaren.

Han fortel også at oljekrisa har ført til meir ungdomsarbeidsløyse, og at unge har fått konkurranse om sesongjobbane frå austeuropearar.