Hyppige pausar gjer deg meir effektiv

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Institutt for psykologi ved Københavns Universitet har undersøkt samanhengen mellom pausar og produktivitet. Resultatet er for mange arbeidstakarar truleg oppløftande.

Om ein ikkje tar hyppige pausar, fell konsentrasjonen, kreativiteten og produktiviteten, og ein får gjort mindre, konkluderer arbeids- og organisasjonspsykolog Janne Skakon.

Hjernen må kvile

Forskinga viser at ein pause på 10 til 15 minutt kvar halvannan time er optimalt dersom ein vil vinne tilbake konsentrasjonen.

Sjølv eit par minutts pause, der ein kikkar ut av vindauget, kan ha god effekt.

– Ein treng høve til å kople bort oppgåver som er kognitivt krevjande, for så å vende tilbake med fornya kraft. Hjernen må få sjansen til kvile og restitusjon, også for å unngå stress, seier Skakon.

– Når vi til dømes arbeider med nye ting, opplever vi oppgåvene som meir krevjande, og vi har derfor bruk for pausar fordi vi raskare blir trøytte. Pausane hjelper oss til å halde fokuset, finne løysingar og komme tilbake på sporet, seier ho.

Bort frå arbeidsplassen

Når ein reiser seg og går frå arbeidsplassen, blir konsentrasjonen skjerpa enda meir, viser forskinga.

– Fysisk aktivitet aukar blodsirkulasjonen og blodgjennomstrøyminga i hjernen, og det kan bidra til at vi ser ting på nye måtar. Avbrekk bidrar til idear og løysingar, seier Skakon.

Pausar i grøne omgivnader gir òg større effekt, og ein såkalla powernap, nokre minutt med søvn, gjer underverk for konsentrasjonen.

Prioriterer ein pausar saman med kollegaer, gir det òg meir trivsel, poengterer Skakon.

– Pausane kan skape sosialt lim på ein arbeidsplass. Det sosiale samhaldet aukar, og det kan førebyggje konfliktar, seier Skakon. (©NPK)