Utdanningsleiar vil ikkje endre utdanningsmodell

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa skal ta initiativ til ein moglegheitsstudie for å sjå på ulike tilknytingsformer mellom universitets- og høgskolesektoren og staten. Leiaren for utdanningsorganisasjonen Akademikerne meiner det er ein dårleg ide å bruke krefter på å endre modell.

– Pengesekken til universiteta og høgskulane blir ikkje større av å endre organisasjonsmodell, seier leiaren i Akademikerne, Kari Sollien til nettstaden Khrono.

Les også: Psykologi-studentane i Budapest trur dei kan vinne tilbake lisensen

– Dårleg ide å skifte til føretaksmodell

Ein av dei moglege forvaltingsmodellane som regjeringa skal sjå på er den såkalla føretaksmodellen. Det er ein modell som skal sikre meir uavhengige institusjonar. Motstanden mot denne modellen er stor i universitets- og høgskulemiljøa.

– Vi syns det er ein dårleg ide å bruke krefter på å skifte til føretaksmodell. Regjeringa har tatt viktige grep, som strukturreforma, for eksempel og det er viktig å la den få lov til å virke før ein eventuelt set i gang større omorganiseringar igjen, seier Sollien til Khrono.

Les også: Ingen veit korleis det går med rekruttering til lærarnorma