Markus Lien studerer psykologi i Budapest. Men no må han og rundt 200 andre studentar kjempe for å få lov til å bruke utdanninga si.
mm
Fakta
  • Ei lovendring nektar psykologi-studentane i Budapest lisens
  • ELTE er namnet på Universitetet i Budapest.
  • Studentane har gått til søksmål mot staten for å jobbe som psykologar i Noreg.
  • ESA/ EØS, har nyleg lovfesta at Noreg er pliktig til å godkjenne utdanninga.
LES FAKTALUKK FAKTA

For Markus Lien var valet om å studere psykologi i Budapest enkelt. Han er glad i å reise,
så i staden for å prøve seg på årsstudiet ved UiB og knive om plassane der, valde han å studere i utlandet. Då med vissa om at han seinare kunne få autorisasjon til å jobbe som psykolog i Noreg.

– Eg stortrivast på ELTE og i Budapest. Vi har fagleg sterke lærarar med undervising på engelsk, og dessutan mange praktiske og mindre fag vi kan velje mellom.

Lien er glad for at det vert lagt mykje vekt på forsking og at ein kan ta del i fleire spennande forskingsteam under studiet.

Ei praksisendring nektar psykologi-studentane i Budapest lisens

Etter ei praksisendring i 2016, bestemte Helsedirektoratet at utdanninga i Budapest ikkje lenger kunne godkjennast. Fleire hundre studentar som studerer utøvande psykologi i Ungarn er no nekta lisens.

Det vil seie at dei ikkje får jobbe som psykologar i Noreg etter fullført studium, som har vore praksis i 13 år.

Helsedirektoratet argumenterer med at ungarske myndigheiter ikkje gir autorisasjon til å praktisere psykologi etter studiet på ELTE.

– Det er rett og slett feil. Alle psykologar har rett til å jobbe som psykolog i Ungarn, det har ungarske styresmakter stadfesta ei rekkje gonger.

Markus Lien meiner skilnaden på studia i Noreg og Ungarn ligg i struktur, ikkje innhald. Han er skuffa over mediedekninga av saka. Foto: Astrid Underlid

Skilnaden ligg i struktur

Markus Lien meiner det er struktur, og ikkje innhald som skil utdanninga ved ELTE frå den i Noreg.

– Den største skilnaden er at mesteparten av praksisen i Noreg er inkludert i utdanninga på siste året. Som i resten av Europa, inkludert Ungarn, kjem praksisen etter endt mastergrad. Det er difor vi søkjer om eit år med lisens i Noreg, slik det alltid har vorte gjort.

– Noreg er dessutan pliktig etter EØS-regelverket til å anten autorisera psykologistudentane eller gje dei ein lisensperiode. Dette vart nyleg stadfesta på nytt av EØS-tilsynet ESA (EFTA Surveilance Autorithy), seier Lien.

Studentar med likt løp i Danmark og Polen får lisens

– Studentar som har eit svært likt løp som oss i Danmark og Polen får lisens i Noreg, medan vi ikkje får det. Helsedirektoratet opererer med feilinformasjon, og eg er lei av å bruke tida mi på å snu saka i mediebiletet.

Men Lien er optimistisk når det kjem til søksmålet. ESA, som fungerer som ei vaktbikkje for EØS, støtter psykologi-studentane i Ungarn. I rapporten sin gir ESA kraftig kritikk til Helsedirektoratet for å feilaktig ha hevda at utdanninga ikkje er god nok til å få lisens.

Tidlegare i juni gjekk dei difor til søksmål mot staten.

– Advokaten vår har uttalt at det er sjeldan han har sett ei så dokumentert sak, og med ESA på vår side har vi gode sjansar.

Skuffa over mediedekninga av saka

Mediedekninga av saka er han likevel skuffa over. Psykologiforbundet i Budapest har sett det naudsynt å gå ut i media for at styresmaktene skal ta saka seriøst.

– Dessverre har det ført til at Helsedirektoratet sjølv har brukt media til å spreie store mengder feilinformasjon om utdanninga vår i eit forsøk på å redda eige andlet. Vi oppdaga at Helsedirektoratet hadde brukt 1,5 millionar kroner på eit eksternt PR-byrå for å kommunisera bodskapa deira.

– For min del er tilliten til helsestyresmaktene sterkt svekka. Dette tillitsbrotet er ein av grunnane til at vi tek dei til retten.

Fleire studerer psykologi i utlandet

Kvifor har vi sett ein auke i psykologar som vel å ta utdanninga i utlandet, trur du?

– Eg trur det er ein kombinasjon av få studieplassar i Noreg samstundes som fleire nordmenn ynskjer å reise ut i verda og oppleve ny kultur, berike ungdomsåra og skape eit internasjonalt nettverk.

– Det skal heller ikkje leggjast skjul på at psykologi har vorte veldig populært i Noreg og at det er mange skarpe hovud i dette landet som tek høgare utdanning.

– Det aukande trykket av psykisk uhelse er òg noko vi treng å imøtekomme. Eg opplever at svært mange i generasjonen min er bevisste rundt fysisk og psykisk helse, og ser på auken av psykologistudentar som ein naturleg reaksjon av dette, seier han.

Helsedirektoratet: – Mange før som heller ikkje fekk autorisasjon

I Helsedirektoratet er det ferietid, og kommunikasjonsavdelinga viser derfor til ein kronikk i Dagens Medisin av avdelingsdirektør for autorisasjon, Anne Farseth, for å forklare kvifor dei framleis held fast på sitt syn.

– Det er noko av historikken i denne saka som har kome skeivt fram gjennom pressa. I mange pressesaker får ein inntrykk av at det har vore ein jamn straum av norske studentar frå ELTE heilt sidan 2003, som har fått autorisasjon i Noreg, skriv Farseth.

Ho viser til at mange av dei som søkte om lisens i 2016 og no har fått avslag, byrja på ELTE i 2014.

– Det er rett at dei hadde grunn til von om norsk lisens som psykolog fordi det fanst nordmenn som hadde fått det før dei, men det er altså snakk om berre fire nordmenn som hadde fått autorisasjon då dei fyrste av dei som no har fått avslag, byrja ved ELTE i 2014.

Av dei 52 som har fått avslag til no, er det berre tre som har tatt bachelor-graden i Ungarn.

– Nesten alle dei andre har tatt ein norsk treårig bachelorgrad som ikkje kunne ha ført dei fram til yrke som autorisert psykolog dersom de hadde heldt fram med utdanninga si i Noreg. Etter ein norsk bachelor har dei tatt den toårige mastergraden ved ELTE, avsluttar Farset.

Oppdatert: torsdag 28. juni 2018 16.29

Kommentarar

ANNONSE