Kansas-ungdom set opp teater med oslofolk denne helga

Isak Slettebø
Publisert
Oppdatert 08.07.2018 15:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eksperimentelt teater med ungdom frå Oslo og Kansas

– Du får lov til å vera galen. Her er det ingen som dømmer deg, seier Isabelle (19).

Saman med Maddy (16) og Lakin (18) og ei god handfull andre amerikanske og norske tenåringar, sit ho på Sagene Samfunnshus i Oslo for å setja opp eksperimentelt teater.

Finn seg sjølv på scena

Amerikanarane er glade for å vera her. I heimstaten Kansas blir det ofte 40 gradar om sommaren. Dei er tilknytt teatergruppen MXTV (Manhattan Experimental Theater Workshop) og trivst godt på scena.

Maddy, Isabelle og Lakin har god diksjon, men slit med det norske ordet “enhjørning”. Foto: Isak Slettebø

– Du går inn ei merkeleg rolle og kan berre slå deg heilt laus, forklarar Isabelle.

Her treng du ikkje spara på noko.

– Regelen er at om du ynskjer å gå lenger, så gjer det! legg Lakin til.

Les også: Har skrive teater om grensesetting heilt “frå scratch”

Artige diksjonsøvingar

Oppvarminga er eit viktig ritual for skodespelarar. Heile kroppen skal aktiverast, og dei tek ikkje lett på stemmeøvingane heller. Heldigvis har dei eit rikt utval tungekrøllar å slita med.

– One black beetle bled only black blood but the other black beetle bled blue, byrjar Maddy triumferande.

– Veggpapp, takpapp, tapet og papir, held Rolf fram.

Nordmøringen Rolf Mørck er ein av regissørane for oppsetjinga, som blir produsert av Scenelusa Produksjoner. Mørck har bakgrunn som skodespelar og dramapedagog, og greier entusiastisk ut om eksperimentelt teater.

Les også: Siri (26) overlevde Utøya, Faten (23) var radikalisert. No står dei saman på teaterscena.

Annleis enn vanleg teater

Rolf Mørck tel dagar til premièren. Berre éin dag igjen? Foto: Isak Slettebø

– Det er ikkje ei lineær forteljing slik me er vane med, der ein går kronologisk frå A til B. Me fylgjer ikkje det naturalistiske idealet, forklarer han.

Naturalisme er “vanleg teater”. Her freistar ein å spegla røyndomen med ein del teatralske verkemiddel, som å la den fjerde veggen vera usynleg.

Sidan det er illusjonsteater, kan det heller ikkje vera nokon direkte kontakt med publikum. Slik er det ikkje i eksperimentelt teater, der tilskodarane ofte blir tekne med.

Tenåringane på Sagene arbeider dessutan meir sjølvstendig enn andre skodespelarar.

– Ungdommane tek utgangspunkt i ein avantgarde-forfattar, gjerne ein absurdist, og vel seg ut eit stykke. Så skriv dei sine eigne manus inspirerte av den utvalde rammeforteljinga. I år har dei norske peika ut «Alice i eventyrland», mens amerikanarane skal nytta «Romeo og Julie» som rammeforteljing.

Les også: Bjellas univers ut på teaterturné

Balansert stykke

Gwethalyn Williams regisserer stykka om Romeo og Julie. Foto: Isak Slettebø

Framsyninga ber det mystiske namnet «Kolliderende enklaver», men er sett saman av mange mindre historier.

Den amerikanske regissøren Gwethalyn Williams røper at nokre av dei blir morosame, andre ganske abstrakte, medan eitt blir av det mørkare slaget. Sist ho arbeidde med nordmenn, var det dei som hadde reist til Kansas.

– Me kjem nok til å gå vidare med dette samarbeidet. Framsyninga me hadde i fjor blei godt vitja, skryt ho.

Les også: Færre internasjonale studentar reiser til USA

– Av med sokkane, og av med stoltheita!

Skodespelarane varmar opp, men blir avbrotne av to damer frå den amerikanske ambassaden, som har ytt pengestønad til prosjektet.

Dei tek ikkje lett på oppvarminga, regissørane. Foto: Isak Slettebø

– Er det store kulturskilnader mellom amerikanarane og nordmennene? spør dei.

– Ikkje noko særleg, me er alle tenåringar som likar merkeleg teater, svarer Isabelle.

– Men dei norske er ikkje så ivrige på smalltalk, kjem det frå ein annan.

Les også: Vårin (23) lever fotballdraumen i USA

Diplomatane smiler

Rut og Claire frå ambassaden kan melda at dette prosjektet skilde seg ut.

– Me har eit fond til å stø gode prosjekt, men det er rift om pengane. Her var det ungdomsaspektet som me hadde særleg sans for, forklarer Rut.

Rut og Claire frå den amerikanske ambassaden er nøgde med samarbeidet. Foto: Isak Slettebø

– Eg kjem ikkje på mange samarbeid som engasjerer både norsk og amerikansk ungdom på denne måten. Regissørane frå MXTV er dessutan svært dugande på eksperimentelt teater, legg Claire til.

Les også: Isak og Even er årets TV-par i USA

Absurd teater

Endeleg kjem me til øvinga. Tenåringane framfører ei rekkje underlege frasar, nokre på norsk og andre på engelsk, av poetisk og stadig meir opprørsk karakter. Nokre blir sagt i kor, andre av berre éin eller to. Skodespelarane nyttar heile salen og gjer pantomime-aktige rørsler.

Vi skal hoppe til skyene og ri på enhjørningen, deklamerer alle saman.

Slik held dei på under framsyninga. Foto: Isak Slettebø

Dei stakkars amerikanarane slit fælt med det siste ordet, og dei norske må snakka litt høgare, men elles verkar dei klare til premièren på laurdag. Dei er i rolle.

Les også: Bjella teaterklar for fleire enn heidersmenn

Det blir framsyning på Sagene Samfunnshus laurdag og sundag den 7. og 8. juli. For meir informasjon, sjå heimesida til Scenelusa.