Færre internasjonale studentar reiser til USA

Donald Trump og hans innreiseforbod får noko av skulda.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før helga melde ABC Nyheter at turistane no sviktar USA. Ifølgje ein ny rapport frå Institute of International Education (IIE) er USA også blitt eit mindre attraktivt land for internasjonale studentar:

Hausten 2017 kom det i gjennomsnitt 7 prosent færre studentar frå utlandet til amerikanske campus samanlikna med året før, skriv New York Times.

Forskingssjef Rajika Bhandari ved IIE peikar på uroen knytt til Donald Trumps innreiseforbod som ein av årsakene til at færre vel å leggja studia sine til USA.

Nedgangen byrja likevel før Donald Trump blei vald som amerikansk president: Allereie hausten 2016 gjekk talet på nye internasjonale studentar ned med 3 prosent.

Denne nedgangen heng mellom anna saman med at store offentlege stipendprogram i Brasil og Saudi-Arabia har blitt skalert ned. IIE-sjef Allan E. Goodman peikar også aukande konkurranse frå andre land som Canada, Storbritannia og Australia.

– Nasjonar og multinasjonale arbeidsgivarar verda rundt konkurrerer om å trekkja til seg dei beste talenta. Når fleire land blir aktive mottakarland for internasjonale studentar og set i verk nasjonale strategiar for å trekkja dei til seg, vil konkurransen om globalt talent i høgre utdanning og arbeidsmarknaden berre spissa seg til, seier Goodman.

Talet på studentar frå Noreg som tar heile eller delar av utdanninga si i USA har falle heilt sidan 2012, med ein skarp knekk i 2016. Australia er i ferd med å ta att USA som det mest populære utreisemålet for norske studentar.

Også europeiske land som Tyskland og Frankrike har fått ein oppsving som studieland, viste Tilstandsrapporten for høgre utdanning 2017 tidlegare i år.