Har skrive teater om grensesetting heilt «frå scratch»

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

“Hi-ha-ho! Hi-ha ho!” Det høyrest nesten ut som kamsport i garderoba til teatertruppen Scenelusa når dei står saman i ring og varmar opp før dei skal inn til generalprøve på oppsettinga «i Grenseland».

Dei er elleve ungdommar frå 13-20 som har jobba med teaterstykket sidan januar. I samarbeid med regissør Louise Grimstad Waarli og produsentane Mari Andersen og Anna Opland Stenersen har dei både lese medieoppslag og tekstar, diskutert mykje, og skrive stykket saman. Til helga skal dei vise fram resultatet.

Amanda Sandberg Fætten og Amina Mohamud varmar opp saman med dei andre før generalprøva. Foto: Beate Haugtrø

Amina Mohamud (19), Jan Baalsrud (13) og Amanda Sandberg Fætten (16) er tre av skodespelarane som snart skal stå foran publikum.

Det fortel at stykket er ei blanding av diskusjon, dialog, monologar og dikt. I tillegg bruker dei sang og musikk. Det omhandlar maktforskjeller, gråsoner og kjønnsrollar.

– Det var mykje diskusjon rundt det. Vi snakka først, og så skreiv vi tekstar, seier Amanda.

Ho fortel at ho har skrive dikt der ho har brukt forskjellige fargar som utgangspunkt og knytt det til tema. Amina har vore med på å skrive ei av fellesscenene, med forskjellige fakta om seksuell trakassering og kor grensene går.

Jan har vore med på å skrive om ein situasjon, der ein lærar på skolen seksuelt trakasserer nokre gutar.

– Det handlar om korleis det er å fortelje det til dei andre. Om at det kan vere vanskeleg å fortelje til kompisar. Sjølv om dei er nære, så er det vanskeleg å snakke om, seier Jan.

Frå generalprøven. Foto: Scenelusa

Les også: Siri overlevde Utøya. Faten var radikalisert. No står dei saman på teaterscena.

Kult å starte heilt på scratch

Sidan januar har dei hatt ei øving i veka. Dei har lært mykje av å lage stykket heilt på eiga hand.

– Vi har lest nokre tekstar som har inspirert oss, men vi har laga ting heilt sjølve. Eg går dramalinja til vanleg, men dette blir noko heilt anna. I tillegg til å skrive har vi og utforma korleis det skal vere på scena. Bestemme kor vi er plasserte på scena og kva kroppsspråk vi har, seier Amanda.

– Dette er ikkje teater i tradisjonell forstand. Vi er ikkje karakterar, men oss sjølve på ein måte, supplerer Amina. Ho har tidlegare vore med i stykket «Next».

Jan er ein av dei yngste som er med i oppsettinga. Foto: Beate Haugtrø

Jan er ein av dei yngste i gjengen.

– Ordforrådet mitt har vorte mykje større fordi det erfarne folk her. Og så er det kult at vi var heilt på scratch da vi starta. Alle har forskjellige replikkar som verkar som dei har vore der for alltid, men så er det vi som vi har funne på dei, seier han.

Det er lov å ha det sexlivet ein vil, men grenser er tabu

– Vi lever i eit samfunn der ein er åpen om seksualitet. Det er lov å snakke om ting, det er lov å vere fri og ha det sexlivet ein vil. Men kvifor klarer vi ikkje å setje desse skilja når det er så opent? Når grenser blir trødd over, så er det tabu, seier Louise Grimstad Waarli, regissør på teaterstykket «I Grenseland».

Louise Grimstad Waarli er regissør for «I Grenseland». Foto: Beate Haugtrø

Det var då metoo-kampanjen tok av i fjor haust, at Grimstad Waarli tenkte at det var eit aktuelt tema for ei teaterførestilling. Ho ville at ungdommane skulle reflektere rundt spørsmål om grensesetting og seksualitet, og lurte på om det var spørsmål dei var opptekne av.

– Om du har sagt ja til å ha sex, inneber det all slags sex? Om nokon tar på deg utan at du vil, korleis seier du ifrå? Kor går grensene for når du skal seie nei, og kor hardt skal ein reagere?, var spørsmål ho ville dei skulle reflektere rundt.

Når dei har jobba med førestillinga har dei diskutert mykje. Tema som gråsoner, forskjell mellom jenter og gutar, og maktbalanse.

– Det er med ein gong den eine har makta at det blir ubehageleg å seie ifrå, seier Waarli.

Ho fortel at dei blant anna har diskutert dei to sakene med Trond Giske og Trine Skei Grande som har fått mykje merksemd dei siste månadane. Dei har òg latt seg inspirere av tekst dei har funne. Blant anna ei valdtekssak Amnesty skreiv om.

Og dei har skrive ein del sjølv. Blanding av oppdikta og sjølvopplevd.

Les også: Nyutdanna skodespelar debutere på Harastølen

Ønsker å bevisstgjere ungdommane

– Seksualundervisninga på skolen er veldig klinisk: «Dette er ein kondom, slik går det føre seg». Her diskuterer vi meir seksualetikk. Korleis vi snakkar om det og forheld oss til kvarandre. Kva er greitt og ikkje greitt. Erkjenninga av at mitt greitt er ikkje ditt greitt, og at det skal vere lov å seie ifrå.

– Føler du ungdommane veit meir kor grensa går enn det du sjølv gjorde?

– Eg får eigentleg ikkje inntrykk av det når vi diskuterer ting. Ein kan seie «sjølvsagt seier eg nei om nokon gjer noko galt med kroppen min». Men det blir noko anna i praksis. Eg har sjølv vore i situasjonar der gutar har gjort ting med kroppen min som eg ikkje var heilt med på. Eg ønsker å gi ungdommane motivasjonen til å kunne seie ifrå, seier Waarli.

«I Grenseland» har framsyning på Sagene samfunnshus søndag 29. og mandag 30. april. Laurdag er det framsyning på Black Box Theatre, som del av Rampelysfestivalen.