Bjellas univers ut på teaterturné

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv har han sett «Kan nokon gripe inn» fire gonger, siste gong for berre nokre dagar sidan.

– Det var ei kjempeoppleving, full sal og topp stemning. Det har vore ei lita reise for meg, frå å sitte på nåler under premieren, til no å kunne slappe hundre prosent av og vere med på denne teaterreisa, seier Bjella til NTB.

Begeistra mottatt

«Kan nokon gripe inn» går føre seg på ein stasjon ein stad på bygda. Historia om dei som skal reise, og dei som blir, blir knytt saman av Stein Tore Bjellas songar. Kritikarane tok begeistra imot musikkteateret, og trilla terningkast fem og seks. Aftenpostens kritikar Per Christian Selmer-Anderssen utropte til og med Bjella til vår tids Prøysen.

Kjersti Dalseid (framme) i ein scene frå «Kan nokon gripe inn». Som Stein Torleif Bjella er Dalseid frå Ål, der framsyninga får turnépremiere i oktober. Foto: Erik Berg/ Det Norske Teatret

– Ei musikkteaterframsyning basert på Svein Torleif Bjellas univers er eit innlysande Riksteater-prosjekt. Bjella er ein mann som ser på bylivet med blikket til bygdefolk og på livet i Bygde-Noreg med både kjærleik og ironi. Med songane sine fortel han historier alle vi som bur her i landet kan kjenne oss igjen i, seier Riksteatrets sjef Tom Remlov.

Han seier at Det Norske Teatret og Riksteatret har brukt store ressursar på framsyninga.

– Derfor er då også «Kan nokon gripe inn» blitt scenekunst av høg kvalitet. Det er for å sikre at heile landet får tilgang til teater som dette at Riksteatret finst, seier Remlov.

Snuste rundt

Stein Torleif Bjella gler seg over at “Kan nokon gripe inn” blir å sjå fleire stadar landet rundt til hausten. Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

Stein Torleif Bjella fortel at han var positiv frå første stund då Lasse Kolsrud, som har både manus og regi, kontakta han.

– Lasse Kolsrud er ein veldig smart og dyktig teatermann, så eg var positiv med ein gong, seier Bjella.

Han fekk besøk av Kolsrud heime på Ål.

– Vi var overalt i bygda i eit par dagar for å leite etter staden der handlinga skulle skje. Då eg skulle køyre han til stasjonen igjen, hadde vi framleis ikkje funnet staden. Men så kom vi inn på venterommet og då fekk Lasse Kolsrud los som ein sauehund. Han snuste rundt i stasjonsbygget og sa her, her kan det skje. Han var veldig sikker då på at ideen var god, og det fekk han jo rett i, seier Bjella.

Kjende kvarandre

Men at framsyninga skulle bli ein så stor suksess er han overraska over.

– Det hadde eg ikkje trudd. Eg er veldig overraska over kor mange som kanskje ikkje har vore interessert i meg og mitt før, som synest framsyninga er ei stor oppleving, seier Bjella.

På rollelista står eit sterkt skodespelarteam. Lasse Kolsrud har sjølv ei av rollene, og har med seg Pål Christian Eggen, Hallvard Holmen, Hans Rønningen, Hildegun Riise og Kjersti Dalseid. Dalseid er frå Ål, og har vakse opp berre 500 meter frå der Bjella bur, så dei to kjende kvarandre frå før.

Og at sambygdingane sluttar opp om sine lokale heltar, er det ingen tvil om. “Kan nokon gripe inn” har turnépremiere på Ål i oktober, og den vart raskt utselt. Dermed vart det ekstraframsyning, og den vart også utselt på rekordtid. Riksteatret fortel også om godt sal på dei andre 21 stadane som får besøk.

(©NPK)

Dette er turnélista:

10. oktober – Ål, 11. oktober – Ål, 12. oktober – Vikersund, 13. oktober – Drammen, 15. oktober – Horten, 16. oktober – Nøtterøy, 17. oktober – Halden, 18. oktober – Jessheim, 19. oktober – Hamar, 20. oktober – Fagernes, 22. oktober – Lillehammer, 23. oktober – Tynset, 25. oktober – Ålesund, 27. oktober – Orkanger, 29. oktober – Røros, 30. oktober – Melhus, 31. oktober – Verdal, 1. november – Namsos, 2. november – Mosjøen, 4. november – Sandnessjøen, 6. november – Bodø, 8. november – Harstad, 11. november – Tromsø.