Bjella teaterklar for fleire enn heidersmenn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Der er over 20 av låtane til Bjella – og personane dei skildrar – som er utgangspunktet for Lasse Kolsruds nye musikkteateroppsetting.

To år etter at Kolsrud regisserte Tom Waits-oppsettinga «Woyzeck» på Det Norske Teatret, tek han føre seg kvartetten av Bjellas multiprisvinnande album. Det nyaste, fjorårets «Gode Liv», sørgde for ikkje mindre enn tre Spellemann-nominasjonar til Bjella førre veke.

Dreng er med
Derfrå er blant anna historia om bikkja Dreng plukka med til teateroppsettinga, som har premiere 14. januar, så vel som fleire av dei tause mennene til hallingdølen – og kvinnene deira.

Karakterane dukka opp første gong på solodebuten «Heidersmenn» i 2009, fortsette si ferd på «Vonde Visu» i 2011, og drog «Heim for å døy» i 2013. Men i oktober i fjor kom «Gode Liv» på ein tilsynelatande noko muntrare note.

– Det høyrer med til kjenslelivet å ikkje berre ha med det håplause, seier Stein Torleif Bjella, som sist helg skulle følgje prøvene etter å ha sett utdrag han kallar «lovande».

– Det er ofte dei døde som blir sett opp. Men teateret satsar på dei levande denne gongen, seier Bjella og kallar det «ein stor ting» å rekke å oppleve.

LES OGSÅ: No kjem mormonane til Det Norske Teatret

På stasjonen
Handlinga utspelar seg på ein jernbanestasjon «ein stad på bygda», ifølgje Det Norske Teatret, som står bak oppsettinga saman med Riksteatret.

«Kan nokon gripe inn» skal dermed ut på turné til hausten. Då står turnépremieren 11. oktober på Ål – som husar den Hellbillies-berømte stasjonen – før turen går vidare til 21 andre norske byar med og utan stasjonsbygning.

Seks skodespelarar blir å sjå på scenen: Kjersti Dalseide, sjølv frå Øvre-Ål, Hallvard Holmen, Hildegun Riise, Hans Rønningen, Joachim Rafaelsen og Pål Christian Eggen. Og tispa Lotta spelar Dreng.

Manus og regi er altså ved Lasse Kolsrud, berømt for framsyninga si basert på Frode Gryttens «Bikubesong» med The Smiths-musikk på Det Norske Teatret. Han hadde også regi på Gryttens «Sånne som oss», med John Olav Nilsen og Thea Hjelmeland som musikalske samarbeidspartnarar, på Den Nationale Scene.


Ensemblet i "Kan nokon gripe inn", som blir å sjå på Det Norske Teatret og Riksteatret. Foto: Erik Berg / DNT

Om kvardagen
– Eg likar at det er han som gjer det. Eg likar han, fastslår Stein Torleif Bjella, som ikkje har lagt seg opp i tolkinga av songane hans. Kolsrud har ifølgje Bjella sett etter narrative ting i tekstane, som kan visualiserast.

Sjølv har Lasse Kolsrud sagt at «det måtte bli Stein Torleif», og grunngav det med hans skakke, såre, utleverande og komiske blikk på ting.

Til NTB har Kolsrud tidlegare fortalt at han finn den same melankolien i tekstane til Tom Waits, Bob Dylan og Stein Torleif Bjella, som han trur kan ha ein særleg appell til menn.

Men likevel trur regissøren og manusforfattaren at Bjella når ut til langt fleire «enn den middelaldrande mannen som føler at Bjella er ein som syng om dei».

– Han skriv fram eit heilt univers som er veldig menneskeleg, og som handlar om noko så universelt som å takle kvardagen eller sjølve livet, om du vil, seier Kolsrud til DetNorskeTeatret.no.

LES OGSÅ: Spelemannominerte Hanne Kolstø har ei byste av Ivar Aasen på stova

Faktaboks

Her skal Bjella spelast:

11. oktober – Ål

12. oktober – Vikersund

13. oktober – Drammen

15. oktober – Horten

16. oktober – Nøtterøy

17. oktober – Halden

18. oktober – Jessheim

19. oktober – Hamar

20. oktober – Fagernes

22. oktober – Lillehammer

23. oktober – Tynset

25. oktober – Ålesund

27. oktober – Orkanger

29. oktober – Røros

30. oktober – Melhus

31. oktober – Verdal

1. november – Namsos

2. november – Mosjøen

4. november – Sandnessjøen

6. november – Bodø

8. november – Harstad

11. november – Tromsø