Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 03.06.2018 20:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utafor er eit teaterstykke i regi av Svein Tindberg, med Faten Mahdi Al-Hussaini (23), Yousef Bartho Al-Nahi, Siri Marie Seim Sønstelie (26) og Tor Itai Keilen i rollane som seg sjølve. Dei har alle opplevd utanforskap eller konsekvensar av utanforskap.

Yousef var einsam og let seg «verve» inn i radikal islam, fordi dei tilbaud han nokon han sakna- det å kjenne seg inkludert. Faten er sjiamuslim, ein minoritet i forhold til sunnimuslimane. Ho kjente seg tråkka på av majoriteten. Tor har opplevd trakassering fordi han er jødisk. Siri opplevde å sjå døden i kvitauget på Utøya for sju år sidan.

I stykket fortel dei alle om sine personlege opplevingar.

Siri Marie Seim Sønstelie, Yousef Bartho Al-Nahi, Faten Mahdi Al-Hussaini, , og Tor Itai Keilen fortel alle om sine opplevingar av utanforskap på hovudscena på Det Norske Teateret. Foto: Beate Haugtrø

Siri Marie Seim Sønstelie, Yousef Bartho Al-Nahi, Faten Mahdi Al-Hussaini, og Tor Itai Keilen fortel alle om sine opplevingar av utanforskap på hovudscena på Det Norske Teateret. Foto: Beate Haugtrø

Tre dagar før premieren, møter Framtida.no Siri og Faten på teateret. Det er god stemning, sjølv om dei på slutten av dagen før har fått beskjed av om at dei i dag har «Ein heeeil deeel vi må jobbe med», som dei gjentar i kor.

Stemninga er munter, men bak seg har dei begge år med både frykt og sinne.

– Eg hadde nokre radikale meiningar og var på bærtur i to år. Meinte at andre folk var vantru. Eg ønska dei gjerne daude, så lenge det ikkje var eg som drap dei. Det var min måte å hate tilbake, seier Faten.

– Ein klappar tilbake om nokon klappar til deg, ikkje sant, seier ho.

Faten vart fortalt at ho var vantru. Som sjiamuslim var ho ein minoritet. Ho byrja å hate sunniane som mistrudde religionen hennar, tilbake.

– Alle var jo vantru i mine auge. Men eg brydde meg ikkje om kristendommen. Dei var berre vantru og that’s it. Det var berre dei andre retningane i islam eg brydde meg mest om, seier ho.

Starta organisasjon for å førebygge radikalisering

Da ho kom fram til at ho var på feil spor, ville ho hjelpe andre unge frå å bli radikaliserte og ekstremistar. Saman med Yousef, som òg er med i førestellinga, starta ho organisasjonen «Just Unity» i 2015. Der jobbar dei for å avverge radikalisering av ungdom. Hit kom etterkvart òg Siri Marie.

– «Just Unity» var ein av få organisasjonar som tydeleg gjekk ut offentleg mot tematikk eg synest er viktig. Eg fekk heldigvis vere med, først som frivillig, seinare som tilsett, seier Siri Marie Seim Sønstelie.

Bakgrunnen for at ho er med i «Utafor» er todelt. Ho er overlevande etter Utøya, og ho har ein master i sikkerheitspolitikk, der ho har jobba med korleis ein skal avradikalisere personar som har vore i ekstreme grupper.

– Kva kan vi som enkeltmenneske og samfunn gjere. Er det berre harde middel som fengsel som kan brukast, eller er det andre metodar, seier ho.

Sånn kom ho og inn i «Just Unity».

Korleis startar ein radikaliseringsprosess?

«Ein av dei grufulle konsekvensane av einsemd er at folk søkjer venner der dei er å finne. Og det er ikkje alltid dei mest hyggelege miljøa», seier regissør Svein Tindberg i introduksjonen til stykket på teateret si heimeside.

Med framsyninga vil han vise dei unge at dei har ansvar for kvarandre, også i skolegarden. Det er alle sitt ansvar at ingen hamnar utanfor.

Tindberg fortèl og om første gongen han møtte Faten, på eit dialogmøte for studentar.

– Eg visste godt kven ho var. Faten gjorde inntrykk på meg. Ho er som ein dampvegvals! Vi snakka om dei same tinga, men på totalt ulik måte.

Då han såg korleis studentane, og spesielt jentene, flokka seg rundt ho etter foredraget, hadde han tenkt at ho hadde moglegheita til å nå ei heilt anna målgruppe enn han sjølv som skodespelar.

Som ung muslimsk jente i Noreg hadde ho erfaringar og historier Tindberg visste lite eller ingenting om. Og ho hadde språket og viljen til å inspirere andre med si forteljing.

Førebuing på scena tre dagar før premiere. Sitjande: Siri og regissør Svein Tindberg. Foto: Beate Haugtrø

Førebuing på scena tre dagar før premiere. Sitjande: Siri og regissør Svein Tindberg. Foto: Beate Haugtrø

– Kva er dykkar rolle i stykket?

– Det er å fortelje våre historier heilt nakent. Sjølvsagt med regi av Svein. Men vi fortel våre historiar om utanforskap på kvar vår måte, seier Faten.

– Korleis jobbar de saman?

– Sjølv om vi fortel uavhengige historiar, jobbar vi som eit sterkt team der vi er avhengige av kvarandre. Vi utleverar oss så nakent og personleg. Det er sårbart, så vi treng trygge støttespelarar, seier Siri.

– Eg kallar alle som står på scena for utanfor-familien. Siri klappar meg på skuldra og seier at dette går bra. Om ein har hatt ein dårleg dag så stiller vi opp for kvarandre, seier Faten.

Dei fortel at det blir brukt mykje humor.

– Svein gjer det moro. Han vil ha meir blod, meir drama, meir av alt.

Det er mykje alvor, men og mykje humor når Siri, Faten og resten av teamet jobbar med «Utafor». Foto: Beate Haugtrø

Det er mykje alvor, men og mykje humor når Siri, Faten og resten av teamet jobbar med «Utafor». Blir det vanskeleg, er dei gode støttespelarar for kvarandre. Foto: Beate Haugtrø

– For min del er jo arbeidet psykisk krevjande å gjere. Men å føle at eg bidreg til noko, og å skape ein debatt gjer det meiningsfylt å fortelje, seier Siri.

– Det gjer det inspirerandre å vere med når ein ser at problematikken eksisterer. Det er ikkje ei historie på den scena som ikkje er ektefølt. Vi har og samla inn historier frå andre ungdommar. Det sitt ungdom i alle klasserom rundt i landet, som kjenner på einsemd.

– Ikkje alle blir ekstremistar. Men det startar ein stad, seier Faten.

Å sjå kompisen som sit aleine med lunsjpakka si

Dei meiner at å sjå kvarandre må ein gjere overalt.

– Vi har alle eit ansvar for å sjå kvarandre. Det kan vi ikkje ta for gitt. Det kan gjerast over middagsbordet eller i klasserommet, debattarenaen. Alle har eit ansvar.

– Det handlar om å sjå kompisen som sitt aleine med lunsjpakka si, det er så enkelt som det, seier Faten. Du veit aldri om den personen har tenkt å gå heim og ta livet sitt. Kanskje reddar du den.

– Ein skal alltid gjere så store grep. Men samfunnet er legoklossar som skal byggast. Og berre basert på å vere medmenneske kan ein gjere grep, seier Siri.

Faten blir rørt av orda til Siri.

– Det er så enkelt sagt. Folk skjønar ikkje at det berre gjeld å stille opp. Si hei til nokon. Om dei er rare? Dei er ikkje rare. Jenter som berre er opptekne av Louis Vitton-vesker og sminke, det er kjedeleg. Tenk så mange ungdommar som kunne vore redda. Tenk så mange som tek sjølvmord. Eg trur dei berre vil bli sett. Tenk om læraren vil sette seg ned og berre vere ein venn.

At folk stoppar opp på gata og berre sjekkar om alt er ok, seier Siri.

Førebuing på scena. Foto: Beate Haugtrø

Førebuing på scena. Foto: Beate Haugtrø

Å bidra med sine eigne personlege historier er spesielt for dei.

– Det er vanskeleg å sitte og opne seg heile tida for så mange. Eg merkar det på kroppen når eg snakkar om ting eg ikkje er så van med å snakke med folk om. Det krev mot. Alle i teamet har vore modige. Svein som tør å sette oss på hovudscena har vore modig. Vi som sitt og fortel, Siri som må gjenfortelje opplevinga frå 22. juli. Historier som er veldig vonde, seier Faten.

Siri har vore open om si oppleving med Utøya i sju år. Likevel er dette annleis.

– Mi forteljing til omverda har vore basert på det eg klarer å seie. No fortel eg meir enn før. Med ei heilt anna lag av følelsar. Eg må opne dei kjenslene som faktisk er der. Klart det er psykisk krevjande.

Men samstundes synest ho det er inspirerande.

– Det er ei sak eg brenn for, og det veg opp for at det er krevjande å gjenoppleve.

Eg tenker at dette er mitt lille samfunnsbidrag. Å tørre å vise kjensler og hjartelag. Om det kan hjelpe nokon, då er det verdt kvar einaste time, seier Siri.

«Utafor» har premiere på Hovudscena på Det Norske Teateret fredag 13. april.