Krava til å få bustadlån blir vidareført

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den høge gjelda i norske hushald utgjer framleis ein risiko for norsk økonomi og arbeidsplassar. Det er brei semje om at det er rett med enkelte køyrereglar for utlånspraksisen til bankane, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Finansminister Siv Jensen. Pressefoto: Alexander Helberg, © IC Hendel

– Analysar frå Finanstilsynet og Noregs Bank viser at bustadlånsforskrifta verkar etter hensikta. Færre enn før tar opp svært store lån når dei kjøper bustad, seier Jensen.

På førehand var det klare rådet frå ei rekkje ekspertar at bustadlånsforskrifta burde forlengjast. Då ho vart innført 1. januar 2017 for å dempe ein brennheit bustadmarknad i 2016, vart det blant anna stilt krav om at bustadkjøparar må ha 15 prosent av bustadverdien i eigenkapital. Dessutan kan ikkje lånet vere høgare enn fem gonger brutto årsinntekt. Desse krava blir altså vidareført.

I Oslo er det framleis eit særleg krav om at alle som kjøper bustad nummer to, må stille med minst 40 prosent eigenkapital.

BSU blir rekna med som eigenkapital

I den nye forskrifta som gjeld frå 1. juli og fram til 31. desember 2019, blir det opna for at bankane kan ta med dokumenterte og stabile skattefrie inntekter, som barnetrygd, i berekninga av gjeld i forhold til inntekt. I berekninga av lånegrad skal bankane også kunne medrekne middel på BSU-konto som eigenkapital.

I den nye forskrifta blir det presisert at ho også omfattar utlån med pant i fritidsbustad, noko Finanstilsynet har forslått. Som Finanstilsynet også foreslo, kan såkalla seniorlån på visse vilkår unntakast frå enkelte av krava i forskrifta, ettersom nokre av krava er dårleg tilpassa slike lån. I den nye forskrifta blir det gitt unntak frå krava om beteningsevne, gjeldsgrad og avdragsbetaling for seniorlån og andre kapitalfrigjeringskredittar.