I fjor vart det registrert rekordmange flyttingar over norske fylkesgrenser. Vi slo oss ned i sentrale strøk, men fleire flyttar ut av enn inn til Oslo.

Etter å ha falle frå toppåret 2015, auka den innanlandske flytteaktiviteten igjen frå 2016 til i fjor, viser Statistisk sentralbyrås tal på flyttingar.

Aktiviteten auka også når ein tar omsyn til folketalsveksten. Veksten er størst i flytting mellom kommunar, og den er særleg stor for kvinner. Det har heller aldri før blitt registrert så mange flyttingar mellom fylka og dei sju landsdelane.

Oslo, Rogaland, Nordland, Møre og Romsdal og Hordaland har store innanlandske flyttetap. Det innanlandske flyttetapet i Oslo har auka særleg mykje, slik at hovudstaden no har større innanlandsk flyttetap enn Rogaland, og dermed det største innanlandske flyttetapet i Noreg.

Mange flytter frå Oslo til Akershus

Nabofylket Akershus har derimot framleis desidert størst innanlandsk flyttegevinst, og då særleg frå Oslo. Akershus er eitt av tolv fylke med auka innanlandsk flyttegevinst frå 2016 til i fjor.

Vest-Agder har klart størst oppgang med ein vekst på 1.500. Veksten for Agder-fylka gjer at dei no har positiv innanlandsk nettoinnflytting.

Av kommunane hadde Kristiansand størst innanlandsk flyttegevinst, med 1.300, etterfølgt av Akershus-kommunane Ullensaker, Lørenskog og Bærum, med gevinstar på mellom 1.100 og 800.

Med unntak av Kristiansand, som hadde eit innanlandsk flyttetap av personar med innvandrarbakgrunn, bestod det meste av flyttegevinstane i dei tre andre kommunane av personar med innvandrarbakgrunn.

Oppdatert: måndag 23. april 2018 14.16

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE