Frp: – Vi ønskjer ulven dit peparen gror

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Vi ønsker et rikt plante- og dyreliv i Norge. Det bør søkes opprettholdt en bestand av ørn, bjørn, gaupe og jerv. Forvaltningen av denne må skje lokalt der en har forutsetningen for å vurdere situasjonen, og derfor må prioriterte rovdyrsoner avvikles», heiter det ifølgje Nationen i den vedtatte teksten.

Det blir ikkje lagt skjul på at ulven ikkje er ønskt i Noreg:

– Vi ønskjer ulven dit peparen gror, sa Frank Sve frå Møre og Romsdal på første dag av landsmøtet.

Partiet vil også at grensekryssande rovdyr skal reknast med i den norske bestanden, og at staten skal påleggjast «å gi full erstatning til grunneiere, næringsdrivande, eller andre som lir tap som følgje av statens overordna rovviltforvaltning.»

Den einaste som tok ordet i samband med vedtaket om ulv, var Ida Gårseth Hov frå Troms:

– Eg er for eit nasjonalt dyrepoliti, men i denne saka er det berre ein ting å seie: Lad og skyt!

LES OGSÅ: – Hatet mot ulven er grunnlaust, skriv Elise Løvereide

– Ulven gjer livet mykje betre for oss alle, skriv Are Kalvø