God og stor niste, godt humør, musikk i sekken og triks mot knott og mygg er lurt å ha med dersom ein vil vera gjetar.

Audny Barstad, VTB.no
Audny Barstad, VTB.no

Ungdommane Torstein Storeskar og Gard Carlsen, begge 14 år frå Hemsedal, har hatt ein sommarjobb i år litt utanom det vanlege. Dei har vore gjetarar inne på staulen Nedre Lega i Øyfjell. Jobben har vore å passe på geitene til Gro Hommo når dei beiter i staulesområdet Brannkvålen.

Morgonfuglar
Då gutane blei spurt om dei ville ta jobben var dei ikkje i tvil.

– Me trengte å tene litt pengar og så høyrdest det ut som ein fin jobb, seier Torstein, som òg er barnebarnet til Gro.

Med seg på jobben fekk han kameraten Gard.

Arbeidet startar tidleg om morgonen, for etter mjølkinga skal geitene ut på beite.

– Fyrst tek me ut killingane og tek dei med bort til geitene. Så slepp geitene ut. Killingane fylgjer etter geitene. Me prøvar å styre flokken vekk frå fjelltoppane for å halde dei mest mogeleg nede i dalen, forklarar Gard.

– Det er fordi det er vanskeleg å få dei ned att frå fjella, utfyller Torstein.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Kjælne killingar
Flokken på Nedre Lega tel 120 geiter, og saman med killingane er det 141 dyr gutane ser etter. Med så mange dyr er det ikkje lett å plukke ut nokon favoritt, men Gard held ein knapp på dei yngste.

– Det er nok killingane som er litt favorittane. Dei er så tame og trivelege, seier Gard.

Dagane har stort sett gått greitt for dei to gjetarane. Med solide nister, hattar med nett for å skydde mot knott og mygg, og musikk i sekken har dei gått mange timar i fjellet.

– Jobben er grei og me får god trim. Me må opp noko tidleg om morgonen, men me har som regel ein pause frå 14 til 18, fortel Torstein.

– Og så kjem det an på kor lenge me klarar å halde geitene ute på beite. Av og til blir det så lenge at dei ikkje treng ut på kveldsbeitet. Me ropar og jagar for å får dei dit me vil, seier Gard.

– Men geitene går alltid mot vinden for å kunne få ferten av eventuelle rovdyr, så då er det ikkje alltid dei er så samarbeidsviljuge, forklarar Torstein.

Av og til skjer det også ting ein ikkje styre. Ein dag ute på beitet skremde ei bjeffande bikkje geitene. Då reiste heile flokken rett og slett heim att til Raundalen i staden for til staulen.

– Det blei ein hektisk og lang dag. Me måtte fylgje dei heile vegen tilbake til staulen att, fortel gutane.

Les om fleire sommarjobbar her!

Tolmodig
– Kvar for eigenskapar treng ein for å vera gjetar?

– Ein må vera tolmodig og like dyr. Og så må ein like å gå mykje ute, seier Gard.

Men det kan bli lange dagar.

– Det kan vera ganske kjedeleg. Det er ikkje så mykje å finne på, særleg i dårleg vêr. Men når det har vore fint vêr så har me vassa i bekken og slikt, fortel Torstein.

Gutane er einige om at sommarjobben er noko dei kjem til å minnast.

LES OGSÅ: Rike vil ikkje ha geiter

Eit pilotprosjekt
Gro Hommo fekk stønad frå Fylkesmannen i Telemark til pilotprosjektet med å gjete geitene. Bakgrunnen var at geitene var svært urolege på beitet i fjor.

– Truleg blei dei skremde av rovdyr ute på beite og dei gjekk utover store avstandar i heiene og var vanskelege å få inn. Me fann dei til og med vettskremde oppe innmed Vehuskjeringi. Me har hatt geiter her oppe i 21 somrar, og det har aldri skjedd før. Difor søkte me Statens naturforvaltning om støtte til gjeting, og det fekk me for 45 dagar, seier Hommo.

Det er framleis rovdyr i heiene, og for litt over fjorten dagar sidan fann dei ferske gaupespor der oppe.

Håpet er at gjetinga vil roe ned geitene på beitet, og få vekk eventuelle uvanar dei la seg til i fjor. Innsatsen til ungdomane er ho svært nøgd med.

– Dei har vore så flinke. Me har ikkje vekt dei ein morgon, fortel Hommo.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE