Triana (17) har sommarjobb ved det minste slottet i Skandinavia

Utanfrå framstår det som eit romantisk eventyr. Men bak blomsterprakten i Baroniet i Rosendal skjuler det seg eit dusin sveittande ungdomar som klipper kvart grasstrå med saks.

NPK–Heidi Molstad Andresen
Publisert

Dei kneisar mot sommarsola, nokre blussande rosa, andre djupt raude og forførariske. Side om side står dei, ved dei yndige gule, dei smålubne ferskenfarga og dei høgreiste fyrige oransje.

På ein dag som denne, når alle dei tre tusen rosene blømer samstundes og angen av romantikk ligg i lufta, blir murslottet i vestenden av hagen meir for ei kulisse å rekne. Ein kan liksom ikkje ha auga for anna enn den store roselabyrinten.

Ja, bortsett frå dei indre bileta ein skapar seg sjølv, då; av kurtiserande par som ei gong flanerte mellom hagegangane her i høge flosshattar og draperte kjolar. Herremannen, som elegant skjenka si utkåra den vakraste rosa i hagen. Ho, som raudna i eit lite smil, medan ho løfta blomen til nasen og … Men hei, kva var det der?

Ein blå hump kjem til syne bak rosebuskene. Og der borte, endå ein!

Og ein til!

Brått er magien broten, og no er det berre dette du ser; eit gyngande landskap av hardtarbeidande buksebakar krypande i kvar sine rosebed.

Tidleg morgon i rosehagen framfor det vesle murslottet. Snart skal turistane strøyme på. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Snart dukkar det også eit hovud opp frå det grøne. Det er Triana Kaelo Nerhus (17), ein av 12 unge som har sommarjobb i hagen ved Baroniet i Rosendal.

– I starten var eg overraska over kor mykje luking det er, men arbeidet er jo også variert, seier ho, og siktar seg inn med den vesle saksa mot kanten av bedet.

Her skal ikkje eit einaste grasstrå vera for langt. Roseblada rekk knapt å falle til jorda før Triana frå Hatlestrand har plukka det opp og kasta det i bøtta som ho dreg med seg.

– Det er ei tolmodsprøve, og samstundes ser eg på det som viktig lærdom. Ikkje berre om at ting tek tid, men at ein kan finne sine eigne metodar. No ser eg nesten på jobben som ein form for meditasjon, seier ho og krabbar smilande vidare langsmed hekken.

Ein vakker ide

Eit levande museum, kallar dei det, baroniet som kvart år lokkar rundt 60.000 besøkande med alt frå omvisingar ute og inne i slottet, konsertar, foredrag, teater, kunstutstillingar, overnatting og servering.

I tillegg til den renessanseinspirerte rosehagen famnar det 150 mål store anlegget mellom anna ein viktoriansk landskapspark frå rundt 1850 og ein nyrestaurert kjøkken- og urtehage.

Rosehagen er utvikla over 300 år med skiftande stilretningar og motar, fortel Ingri Stuland Helleland, som er ein av to faste heilårstilsette i hagen.

Ho har akkurat inspisert kantane på rosebeda og rista på hovudet då ein mannleg sommarvikar lurar på om han kan kaste skjorta i sommarvarmen.

– Slikt høver seg ikkje i desse omgjevnadene, forklarar Helleland venleg og nikkar mot turistane. Sjølv er ho frå nabobygda Omvikdalen. Ho er oppvaksen med alt frå skuleturar til fornemme sundagspiknikar i landskapshagen, som herifrå bølgjer vidare nedover bakkane og utover på begge sider av slottet.

No er det hennar jobb å sjå til at baroniet heldt stilen. Då må ein og kjenne historia:

Sesongopninga var 1. mai. Kjem ein frå midten av juli, vil ein sjå alle rosene i full blom, fortel Ingri Stuland Helleland, som er ein av to heilårstilsette i hagen. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

– Ludvig Rosenkrantz og Karen Mowatt bygde slottet i 1665, og hagen vart anlagt i det same tidsrommet. Den gong var det berre nyttevekstar her. På 1850-talet vart nyttevekstane flytta til det vi i dag kallar kjøkkenhage, og då kom det prydblomar i denne hagen.

Ho lét handa stryke forbi favorittrosa si; ei klasete og raud ei. H.C. Andersen, heiter ho. Namnet har ho fått hjå Poulsen Roser i Danmark, der alle dei 40 ulike rosesortane i hagen kjem frå:

Den gamle, attgrodde kjøkkenhagen vart restaurert tidleg på 2000-talet. På 1700-talsfeltet veks det mellom anna asparges, dufturt, lavendel og brent kjærleik, slik rekneskapsbøkene på slottet viser at det alltid har gjort.

– Det var ikkje før rundt 1950 at det vart ein rein rosehage her, og sortane varierer litt frå eit år til eit anna. Vår viktigaste jobb er først og fremst alltid å halde ved like ideen om ein vakker hage.

Harde kår

Akkurat det er ingen enkel jobb, trass i gartnarar og ein tilsett som berre har til oppgåve å klippe rosene tre gonger i veka.

Rosene toler årstidene ganske ulikt. Om det framleis er tele i jorda når vårsola kjem, får dei ikkje tak i vatn, og øydelegg seg sjølv ved å suge opp alt vatnet i stengelen og knoppane. Somme roser vil ha tørr sommar, andre våt. Og då har ikkje Helleland ei gong nemnt vindane her i Kvinnherad:

– Kvart år er det vanleg at me må erstatte nokre hundre planter som ikkje har overlevd vinteren, men dei siste åra har vore spesielle. Berre i år måtte me plante ut 1200 nye roser. No prøver me difor å satse på litt meir hardføre variantar, fortel ho.

Rosene med flest bier og humler, heiter, kanskje ikkje overraskande, Hanky Panky. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Frå midten av juli blømer alle dei 3000 rosene i hagen på ei gong. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Carl Nilsen-rosa blømer fint. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Hagen har 40 rosesortar frå Danmark. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Rosehagen er giftfri, og rosene blir sprøyta med ulike blandingar av grønsåpe, eplesidereddik og natron. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
White Cover-rosa. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Her er enkle roser, fylte roser, historiske roser og nye roser – med og utan duft. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Marselisborg-rosa. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Det var ikkje før rundt 1950 at det vart rein rosehage her, og sortane varierer litt frå eit år til eit anna. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Mandarin-rosa. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Julio Iglesius-rosa. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Fellowship. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Ananas og druer

Allereie frå den lange alleen som fører opp til slottet, anar ein siktlinjene hagearkitekten har jobba etter. Over alt er det utsiktspunkt og ulike opplevingar: Opne plenar, høgreiste tre, svingete stiar, paviljongar, benkar og sildrande bekkar, dammar og fontener.

Landskapsparken er likevel godt integrert i omgjevnadene og ser ut som han høyrer til her. Somme av trea, som bøk og blodbøk er velkjente på desse trakter. Andre, som apeskrekk og valnøttre, er meir eksotiske innslag.

Helleland fortel at det alt for tre hundre år sidan vart brukt mykje tid på å finne le og optimale vekseplassar for dei minst hardføre plantene. Frukttrea på eigedommen står til dømes ofte inntil store murar. Ei gong skal det til og med ha vekse druer og ananastre, seier ho og ler:

–Gamle kvitteringar syner at dei drog både til Frankrike og Spania for å kjøpe frø. Å ha uvanleg ting i hagen, slik som morbærtreet ved hjørnet bak på slottet, var jo eit teikn på at dei var velståande. Sjølv om morbæra er ganske så sure, vart dei servert som ein svært fin dessert.

Fire årstider

Frå snøklokkene dukkar opp på nyåret, blømer hagen jamt gjennom våren med tulipanar, påskeliljer og frukttre. Så faldar den 200 år gamle blåregnen på sørveggen av slottet seg ut med sine vakre, blå blomerankar. Juni er tida for rhododendron og asalea, og i juli kjem rosene for fullt. Dei blømer til langt utover hausten.

Til kvar sesong følgjer det eit mangfald av oppgåver, fortel Helleland:

– Hausten går med til å rydde og køyre vekk lauv. Om vinteren er det vegarbeid, skogrydding og førebuingar til neste sesong. Alt etter nyttår tek me til å klippe frukttre og hekkar, og så er det å plante frø i drivhuset til sommarblomane. Dei planter me ut i midten av mai.

Dåtidas direktør

I det Helleland forsvinn for å avklare ei ventande oppgåve med ein tilsett, kjem Triana Kaelo Nerhus krabbande rundt hjørnet av bedet med knallrosa Romanze.

Det viser seg snart at me ikkje er aleine om å sjå for oss korleis livet kan ha arta seg i baroniet før i tida. Triana er dessutan arveleg belasta.

Sommarblomane blir sådd frå frø i lånt drivhus hjå Fredheim gartneri og planta ut i mai. I drivhusa i kjøkkenhagen dyrkar dei pelargonia til romma. | Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Tanta til farmora hennar, Anna Gåthe, starta nemleg som stovepike på baroniet i 1917. Ni år seinare rykte ho opp som bestyrarinne, som altså var dåtidas direktørtittel. Sidan har også Triana si storesyster jobba her som servitør og guide:

– Då eg drøymde om min første sommarjobb, ynskte eg meg variert arbeid og ein stad eg kunne lære litt historie. Her fekk eg både det og eit godt miljø. For meg har det vore ein veldig trygg start på arbeidslivet.

Ho smiler:

– Og så er det jo litt ekstra kjekt, at ein nesten kan seie det er ein familietradisjon å jobbe her.