WWF saksøkjer staten for å redde ulven
Krev ny ulveforvalting.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Nok er nok. Vi har prøvd alle andre verkemiddel. Ulvejakta er lovstridig og må stoppast før det er for seint å redde ein kritisk truga art, seier miljøpolitisk leiar Ingrid Lomelde i WWF i ei nyheitssak på heimesidene deira.
WWF meiner ulveforvaltninga er i strid med både Grunnlova, naturmangfaldlova og Bernkonvensjonen. No vil dei at domstolane skal avgjere om forvaltinga må endrast.
- LES OGSÅ: – Hatet mot ulven er grunnlaust
I tillegg til krav om at norsk ulveforvaltning må ta omsyn til nasjonale lover og internasjonale forpliktingar, krev WWF også mellombels rettsavgjerd for å stoppe ulvejakta i år.
– Vi kan ikkje lenger sitte og sjå på at styresmaktene tillèt lovstridig jakt på vårt mest truga rovdyr. Vi har derfor sendt ei stemning til Oslo tingrett. Å saksøkje staten er eit alvorleg skritt å ta, som også kan bli økonomisk risikabelt for oss, men jakta i år er allereie i gang og vi kan ikkje vente til enda fleire ulvar blir skotne og drepne, seier Lomelde.
- Are Kalvø: Ulven gjer livet mykje betre for oss alle