Får sommarjobb gjennom kommunen: – Avhengig av kvar du bur
Rundt 8000 ungdommar søkte om sommarjobb gjennom Oslo kommune i år. Her er nokre av dei som fekk jobb.

– Eg har aldri gjort noko slik gartnararbeid før, men det er veldig hyggeleg å jobbe saman med andre.
Det seier 15 år gamle Ingrid Bjørke Hagen. Ho er ein av fleire ungdommar frå bydel Gamle Oslo som har fått jobb ved Solvang kolonihage.
Kolonihagen hadde ungdommar gjennom Oslo kommune sitt UngJobb-prosjekt i fjor, og ville gjerne ha fleire i år.
Det set Bjørke Hagen pris på, som lærar seg korleis ho opprettar frikort for fyrste gong i år.
– Kommunen har lagt opp veldig fint til at ungdommar kan få jobbar utan mykje erfaring.
Når Framtida kjem på besøk er det måling av hagemøblar som står på planen, men det er også mykje hagearbeid som skal gjerast i ein slik jobb.
Panna Nagy (15) har allereie hatt både vaskejobb og jobba på kafé, men ho likar arbeidet ho gjer i kolonihagen.
– Eg likar verkeleg å jobbe med dette, og det er skikkeleg bra å bli kjend med fleire folk, møte dei og prate med dei. Det har vore ei god oppleving.
Ho har berre vore i Noreg eitt år, då familien flytta frå Ungarn for jobben til faren.
– Det var ikkje vanskeleg å få jobb. Eg pratar ikkje så godt norsk, men eg trur mange har kunna få jobb gjennom UngJobb.
Fleire yngre i arbeid
Ifølgje SSB hadde 7 av 10 unge mellom 15 og 24 år jobb i løpet av sommarmånaden i fjor, eller 477 000 personar.
Dei siste åra har det vore ein særleg auke i den yngste aldersgruppa, 15 til 19 år, men det flata seg ut i fjor.
I Oslo estimerer byrådsavdelinga for sosiale tenester at rundt 8000 ungdommar har søkt på ferie- eller deltidsjobb gjennom kommunen i år, og at rundt 4000 av desse har fått jobb. Feriejobbar varer vanlegvis i 3–4 veker, medan i deltidsjobbane er det lagt opp til 8–12 veker. Kommunen legg vekt på at alle, inkludert dei med funksjonsnedsettingar, skal kunna jobbe.
– Vi veit at ungdommen i Oslo vil jobbe, og vi har eit ansvar for å legge til rette for det. Dette handlar også om sosial utjamning og inkludering, skriv Julianne Ferskaug (V), byråd for sosiale tenester i Oslo, til Framtida.no på e-post.
Ho skriv at det er viktig for ungdom å få ein trygg inngang til arbeidslivet, og at bydelane og Velferdsetaten har fått øyremerkt 54,4 millionar kroner i budsjettet for å sikre jobbhøve til ungdom, også utanom sommaren. Dei siste åra har byrådet fokusert spesielt på å samarbeide med arbeidsplassar utanom det offentlege, og fått god respons.
– Vi ser at mange arbeidsgjevarar ønsker å bidra, og det er veldig positivt. Kommunen har etablert ein modell som gjer det enkelt å samarbeide og dele lønskostnadar, men det er også viktig å løfte fram at mange private arbeidsgjevarar tilbyr sommarjobbar til ungdom heilt på eiga hand, utan bistand frå kommunen.
– Dette er ein vinn-vinn-situasjon – både for ungdommane og for næringslivet, skriv Ferskaug.
Alt frå 10 til 60 verksemder samarbeider med kommunen i dei forskjellige bydelane. Ferskhaug fortel at dei saman med NHO nyleg har fått svar frå 50 forskjellige verksemder i ei spørjeundersøking om erfaringar og behova deira, som byrådet skal bruke i arbeidet vidare.
Viktig med meistringskjensle
– No er de flinke, seier Mette Lønrusten, ein hagekolonibuar som kjem innom for å sjekke arbeidet til ungdommane.
Ho fortel at ho sjølv byrja å arbeide som 12-åring i gartneri, og synest det er viktig for unge å få slik erfaring.
Det er arbeidsleiar Jenny Mårnes Sandven (25) einig i.
– Eg ser at dei får meistringskjensle av det dei gjer, og det gjer meg veldig glad.
Sandven er sjølv nettopp ferdig med ein bachelor i barnevernspedagogikk, og hugsar kor vanskeleg det var å få jobb då ho var yngre.
Ikkje alle er heilt ferske i arbeidet som må gjerast i ein kolonihage. Einar Aalstad kan fortelje at han har hjelpt til på Helsfyr gravlund tidlegare, men at dette er den fyrste offisielle jobben han har.
– Eg kosar meg, og eg trur det blir ei god erfaring å ta med vidare, seier han.
– Inntrykket mitt er at det er vanskeleg å få seg fast jobb eller deltid over ein lengre periode, difor synest eg sommarjobb er ei god moglegheit.
Og slike småjobbar kan leie til fleire moglegheiter seinare.
Erfaringar inn i det vaksne livet
Etter ein buss-, trikk- og t-banetur ned til Tøyen torg, kjem ein til bydelshuset til Gamle Oslo. Der held også Ungdomsredaksjonen til, som jobbar med å lage videoar og anna innhald til sosiale medium for bydelen.
Ein av veteranane i jobben der er Naif Mohamed.
– Sosiale medium har alltid vore noko for meg, så eg har alltid søkt sommarjobb innan det feltet, seier 20-åringen.
– Eg pla å lage YouTube-videoar, redigere og vere framfor kameraet, så det følast ikkje som ein jobb, det følast naturleg.
Då kontrakten hans heldt på å gå ut i september i fjor, fekk han eit tilbod.
– Dei likte jobben eg gjorde, så dei spurte om eg ville bli forfremma til ei assistentrolle.
No har han jobba der i nesten eit år saman med forskjellige ungdommar som har vore innom.
Ein av dei er Jone Ali Villa (19). Han vart tipsa av mora si om moglegheita til jobb, og etter å ha arbeidd deltid gjennom våren, søkte han også på sommarjobben.
– Eg likar at eg kan vere meg sjølv med folka her, det gjer på ein måte at alle kan få gjort det dei vil, og likevel at vi får samarbeidd bra saman.
Dei får i oppdrag å vise fram dei forskjellige tilboda som eksisterer for ungdom. Når Framtida kjem på besøk, er det videoredigering som står for tur.
– Vi har filma ein promovideo for Tøyen sportsklubb, som vi no redigerer, og vi planlegg andre videoar vi skal gjere.
Madeleine Syvertsen (21) merkar spesielt effekten av å ha tilbod retta inn mot ungdommar. Ho bur delvis i Son i Akershus, og delvis i Gamle Oslo, og har søkt jobbar begge plassar.
– Avhengig av kvar du bur, er det vanskelegare eller lettare å få seg jobb. På UngJobb har eg fått jobb kvar gong eg har søkt, men andre stader, som i butikk, synest eg det er ganske vanskeleg.
Det er også ein skilnad på kva jobbar som er tilgjengelege. I Son har ho arbeidd på kafé, medan i Oslo har ho jobba på Øyafestivalen, og i Ungdomsredaksjonen. Sjølv om all erfaring er nyttig, er det siste litt meir relevant for det ho vil drive med.
– Eg likar å kunne bruke det kreative eg kan til å hjelpe jobben min, og eg har søkt meg vidare på visuell kommunikasjon på bachelor, og då vil dette hjelpe.