Instagram vil ha slutt på selfie med dyr i fangenskap

Instagram vil ha slutt på populær trend – vil ikkje lenger tillate selfie med ville dyr.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå ABC Nyheter. 

Ei undersøking frå i haust avslørte ei valdsam vekst i talet på selfiar med ville dyre. Sidan 2014 har talet tredobla seg på biletetenesta Instagram, og ifølgje dyrevernsorganisasjonen World Animal Protection er over 40 prosent av selfiebileta med ville dyr skadelege interaksjonar med dyra.

Dette vil Instagram no ha ein slutt på. I samarbeid med World Animal Protection vil den populære biletetenesta prøve å avgrense mengda selfiar med ville dyr, skriv World Animal Protection i ei pressemelding publisert måndag.

Dersom ein brukar legg ut eit bilete av ein tiger, apekatt, dovendyr eller eit anna vilt dyr som det er populært å ta selfie med, vil Instagram sende ei åtvaring med informasjon om at dyremishandling av ville og truga dyreartar ikkje er tillate på Instagram.

Over 250.000 menneske har signert eit opprop for å få slutt på dei populære selfiane med ville dyr.

Dyr som stadig må stille opp på bilete med menneske lever gjerne under ekstremt stress. Foto: Michael Culbertson/Flickr

Ifølgje dyrevernorganisasjonen er mange av dei eksotiske dyra som poserer i turistanes fotoalbum stole frå sine naturlege habitat. Dei lever ofte under svært kummerlege forhold. Det blir også påstått at enkelte av dyra har blitt dopa ned slik at turistar skal kunne posere utan at dyret gjer motstand.

Det finst også eksemplar på at klør og tenner blir fjerna for å unngå skadar på turistar. Dyr som stadig må stille opp på slike bilete lev gjerne under ekstremt stress, difor er World Animal Protection svært glad over Instagram sitt tiltak.

– Dette er eit utruleg viktig steg Instagram no tar. Våre undersøkingar viser at omfanget av selfiar med ville dyr verkeleg er sjokkerande lesing. At over 800 millionar brukarar no kan bli meir medvitne om at selfiar med ville dyr ikkje er ein god idé, er et stort steg i riktig retning, seier dyrevernsorganisasjonen i eit utsegn.

World Animal Protections har lansert ein «Wildlife Selfie Code» som er ei rekke retningsliner for når du kan og ikkje kan ta bilete med ville dyr:

IKKJE ta ein viltselfie viss…

  • Du skal halde eller klemme dyret eller fuglen, eller det blir haldt i band.
  • Du blir tilbode å gi det mat.
  • Dyret kan skade deg.

Du kan godt ta ein viltselfie viss…

  • Du held god avstand.
  • Dyret oppheld seg i sin naturlege heim.
  • Det kan røre seg fritt, og ikkje oppheld seg i fangenskap.