Generasjon prestasjon er ein klisjé vi treng å snakke meir om


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mi aldersgruppe vert ofte kalla generasjon prestasjon. Det vert snakka mykje om oss. Eg høyrer på musikk om det å ikkje vere god nok.

One track mind, one track heart
If I fail, I’ll fall apart

syng Marina and the Diamonds i sangen «Oh no». Ho syng om frykta for å feile, som liksom ikkje er lov lenger. Eg er redd for å både feile og å knekke saman med jamne mellomrom, eg også.

Då eg var 16 år, klarte eg ikkje å slutte å grine fordi eg ikkje hadde nok seksarar på vitnemålet mitt. Og eg hadde mange seksarar.

Marina and the Diamonds i 2010. Foto: ElfieTakesPictures / Flickr / CC BY 2.0

Vi trur vi må vere perfekte

Eg forstår om mange synest det er tragisk. Men eg var heilt knust, og las om jenta som fekk 14 av 14 seksarar i avisa med ein stor klump i magen.

Det er jo ein del av problemet. Er det rart vi trur vi må vere perfekte, når vi berre deler suksesshistoriene? På Facebook og Instagram er alle lukkelege. Og når du spør meg kva eg gjer på for tida, så deler eg stort sett berre det som er innanfor. Det som får meg til å framstå som vellykka og oppegåande.

Vi er generasjonen som vil vere flinke til alt, og som får psykiske knekkar. Vi er generasjonen som drikk for mykje den eine dagen og for lite den andre. Vi får beskjed om at begge delar er feil.

Det snakkast som sagt mykje om oss. Men å snakke om ting løyser ikkje alle problem. Likevel skulle eg ynskje at vi prata meir om oss. I kvardagen liksom, ikkje berre i media. At det var vanleg å diskutere suksessjag og låg sjølvkjensle i vennegjengen, i klasserommet og rundt middagsbordet.

Suksessjaget er ein uløyst klisjé

For det er slitsamt å vere generasjon prestasjon. Det er slitsamt å føle at ein aldri strekk til, at alle andre gjer det betre enn ein sjølv.

Å prate slik om min eigen generasjon, har allereie blitt ein klisjé. Men eg treng å snakke meir om det likevel, og eg trur ikkje eg er åleine.

Åleine om å føle at eg ikkje er god nok.

Marina and the Diamonds på turné i 2011. Foto: Devon Christopher Adams / Flickr / CC BY-NC 2.0

Don’t do love, don’t do friends
I’m only after success

Ingenting er som musikk som set ord på dei vanskelege kjenslene. Marina and the Diamonds er kjent for fengande poplåter med skarpe tekstar. Men likevel er ho ikkje så kjend.

Det er ein ting som irriterer meg. På fransk er det populært å synge om viktige ting, som vanskelege tankar og samfunnspress. Eg trur Marina and the Diamonds hadde vore superstjerne om ho song på fransk.

Men ho syng ikkje på fransk, ho syng på engelsk. På engelsk skal ein synge om kjærleikssorg og begjær. Spesielt om du er jente. Difor er det ekstra forfriskande når Marina syng om suksessjag i staden for.

Livet skal ikkje vere ein test

Maybe it is all a test
‘Cause I feel like I’m the worst
So I always act like I’m the best

Kanskje dette er ei av årsakene til at vi berre deler solskinshistoriene. Vi føler oss nedfor og serverer ei løgn for å kjenne oss som betre menneske.

Men livet skal jo ikkje vere ein test, som blir målt av andre. Livet handlar jo om det vi kjenner inni. Likevel kjennest livet av og til som nettopp ein test, ein konkurranse med menneska rundt oss og eit spøkelse-ideal som ikkje finst.