Utgiftene til psykisk helse auka i 2017

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utgiftene til psykisk helsevern hadde størst prosentvis vekst frå året før med ein auke på 3,61 prosent for helsevern retta mot barn og ungdom, og på 2,99 prosent i psykisk helsevern for vaksne.

For somatiske tenester (fysiske sjukdommar og skader) var auken på 1,96 prosent og for rusbehandling berre 0,96 prosent. At driftskostnadene aukar for psykisk helsevern er i tråd med satsinga frå helsemyndigheitene på dette området.

Styresmaktene ønsker at psykisk helse og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) skal ha ein prosentmessig sterkare vekst enn somatiske tenester. Mens målet for satsinga på psykisk helse vart nådd i fjor, lykkast dette ikkje når det gjaldt rusbehandlingsfeltet.

Vanskeleg å skilje mellom psykiatri og rusbehandling

Noko av forklaringa på dette kan vere at det er vanskeleg å skilje mellom psykiatri og rusbehandling. For styring og statistikkformål blir TSB og psykisk helsevern for vaksne sett på som to isolerte helsetenester.

Mange har likevel, samtidig, eller over tid, både rusrelaterte og psykiatriske diagnosar. Dermed blir pasientar med rusproblematikk ofte behandla på institusjonar for psykisk helsevern, skriv SSB.

Over tid viser det seg at kostnadar til rusbehandling er det området som har auka mest sidan 2005. Også kostnadane til psykisk helsevern for barn og ungdom har auka meir enn utgiftene til psykisk helsevern for vaksne og til somatiske tenester.