«Elsk din neste, hun er lesbe»
Lesbiske har alltid vore her, vi er her no og vi kjem alltid til å vere her, skriv Susanne Max Krasa på den lesbiske synlegheitsdagen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
«Elsk din neste, hun er lesbe» ropte kvinner i heile Noreg på 70-talet. Det var viktig å få fram at lesbisk kamp er kvinnekamp, og dermed ein openberr del av kvinnerørsla. 26. april er det lesbisk synlegheitsdag, og i det høvet vil eg gjerne ta plass og setje lys på oss.
Skeiv kvinneleg seksualitet har vorte stadig usynleggjort gjennom historia, og levekåra våre har fått lite plass i debatten om skeive rettar.
Amnesty International påpeikar at fleire av landa som kriminaliserer homofili, straffar berre menn, ofte basert på ei tru om at kvinner ikkje har seksualitet. Det er altså ingen løyndom at lesbiske forhold blir teke mindre seriøse enn forhold mellom to menn, eller forhold mellom ein mann og ei kvinne. Klining og sex mellom to kvinner blir ofte betrakta som underhaldning for menn, både i media og i røynda. Vi blir såpass seksualiserte at det skaper ein illusjon av at vi blir aksepterte av majoriteten.
Lite representasjon
Lesbisk kjærleik er framleis lite til stades i film og medium. Ja, vi dukkar opp i nokre filmar, men som oftast sluttar dei med at vi anten dør, eller får hjartet vårt knust. Kom igjen, kan ikkje lesber også få ein lykkeleg slutt? Det å kunne kjenne seg igjen i karakterar og utfordringar som blir framstilte på film betyr utruleg mykje for oss. Ikkje berre bidreg det til normalisering, men det gir oss håp for at ein dag kan vi også leve lykkeleg i alle våre dagar.
Eg tenkjer ofte på noko ei venninne av meg sa då vi snakka om korleis det var å komme ut som lesbisk: «Å anerkjenne at eg blir tiltrekt av jenter var hardt, men frigjerande. Det var likevel mykje vanskelegare å innrømme overfor meg sjølv at eg ikkje blir tiltrekt av menn.»
Eg kjende meg veldig igjen i dette. Når heile samfunnet ser ut til å setje menn i sentrum, og det å elske ein mann blir sett på som ein essensiell del av kvinners liv, er det ekstra utfordrande å stå fram som lesbisk. Ikkje berre har eg då fullstendig feila på det som vart forventa av meg gjennom heile livet, no må eg i tillegg forhalde meg til nye forventningar og fordommar.
Det er også ein svært utbreidd tanke at lesbiske kan «omvendast» dersom dei treffer «den rette mannen». I beste fall fører det til at du blir oppmoda til å date ein fyr fordi «du veit ikkje om du ikkje har prøvd, og om du har allereie prøvd, så var han ikkje den rette for deg, og då må du prøve igjen med ein annan.»
I verste fall blir du utsett for seksuell trakassering av ein gut som betraktar deg som ein «challenge» han har lyst å vinne. Er du trans eller ikkje-binær i tillegg til å vere lesbisk blir du ikkje berre usynleggjort, men også viska bort.
Glad for å kunne leve som lesbisk
Men vi forsvinn ikkje. Lesbiske har alltid vore her, vi er her no og vi kjem alltid til å vere her. Det tok si tid og det har vore vanskeleg, men eg er utruleg glad for å kunne leve som ope lesbisk.
Det er skummelt og frustrerande til tider, men ingenting gir meg meir fridomskjensle enn det å kunne faktisk sjå meg sjølv når eg ser i spegelen, i staden for å bli møtt med ein framand.
Lesbisk kjærleik er vakkert og eg ville aldri bytt det ut med noko anna. Denne lesbiske synlegheitsdagen vil eg feire med alle dei flotte lesbene der ute: eg ser dykk, eg står med dykk og eg heiar på dykk! Kampen held fram, alltid.