Klima og miljø

«Waste colonialism er ei brutal påminning om globale forskjellar»

Praksisen går føre seg forkledd som resirkulering, handel og til og med bistand, til nasjonar som er dårleg utrusta til å ta imot avfall, skriv Sofie Deressa Vaagland (16) i Grøn Ungdom.

Sofie Deressa Vaagland (16)
Styremedlem Oslo Grøn Ungdom og medlem av Grøn Ungdom internasjonalt utval
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

På Vestlandet på 1970-talet var det vanleg å dumpa gamle vrak som bilar eller bussar ned i fjorden, utan nokon miljøomsyn.

I dag verkar det veldig uansvarleg, å tenkja at ved å dumpa søppel i sjøen er det borte, berre fordi me ikkje ser det.

Realiteten er at Noreg ikkje har kvitta seg med dette naive tankesettet, når me og andre rike nasjonar eksporterer vårt søppel til det globale sør.

Søppel forkledd som bistand

Europa eksporterte 1,6 millionar tonn avfall til Egypt og ein annan million til Marokko i 2022, ifølgje Greenpeace.

Noreg eksporterte ca. 1,48 millionar tonn avfall i 2017, ifølgje regjeringa. Denne praksisen går føre seg forkledd som resirkulering, handel og til og med bistand, til nasjonar som er dårleg utrusta til å ta imot avfall, ettersom dei manglar gjenbruksstasjonar og eit effektivt avfallssystem.

Det eg beskriv blir kalla «Waste Colonialism», og er ei brutal påminning om globale forskjellar.

quote-left

Denne praksisen er med på å forsterka forskjellane mellom i-land og u-land.

quote-right

At såpass store mengder søppel frå det globale nord hamnar i det globale sør, er ikkje berre eit miljøproblem, men handlar om sosial urettferd. Denne praksisen er med på å forsterka forskjellane mellom i-land og u-land.

Praksisen forverrar fattigdom, levekår og helseutfordringar. Avhengig av kva type avfall som blir eksportert, kan dei farlege miljøgiftene bidra med å spreia sjukdommar.

Dagens globale avfallshandtering legg mykje press på allereie dårleg infrastruktur. Dette bidreg til mykje miljøurettferd, alt frå forureina drikkevatn til luftforureining.

Alt avfallet øydelegg landområde som kan brukast til å dyrka mat. Dette speglar kolonitidas utnytting, der fattige land blir behandla uverdig til fordel for rike nasjonar og store selskap.

Forureining frå «fast fashion»

Eit av dei farlegaste aspekta med avfallsdumping er «fast fashion»-industrien. Denne sektoren produserer mykje lågkvalitetsklede, og sel det billig.

Plagget blir berre kjøpt når det er på moten. Butikkane og forbrukarar kastar plagget i etterkant. Deretter, eksporterer me kleda til fattigare land under omgrepet «resirkulering», men plagget er useljeleg grunna låg kvalitet. Det fører til sløsing.

Mange «fast fashion»-plagg inneheld materialet polyester som ikkje blir brote ned biologisk, men blir gjord om til mikroplast. Byrda som blir lagd på avfallsimporterande land er enorm, då dei lid av den destruktive miljøpåverknaden i industrien.

Høgt norsk overforbruk

Den europeiske kjøpekraftundersøkinga viser at nordmenn har det nest høgaste personlege forbruket i Europa, ifølgje SSB.

quote-left

Dei fleste av oss er uvitande om dei fatale konsekvensane av overforbruk

quote-right

Me lever i eit overforbrukssamfunn, der «kjøp og kast» er normalen. Dei fleste forbrukarane tenkjer ikkje på kvar dei gamle kleda deira, elektronikk eller kvardagsleg plastikk hamnar. Dei fleste av oss er uvitande om dei fatale konsekvensane av overforbruk.

Planeten druknar i plast og avfallssystem er overvelda. Me må bli flinkare til å kjøpa brukt, reparera og ta vare på det me har.

«Slow fashion»

For å handtera avfallskrisa krevst det politisk vilje, globalt samarbeid og juridiske reformer.

Fleire byrjar å omfamna «slow fashion», som har ei meir etisk og berekraftig tilnærming til klede.

«Slow fashion» er heilt sentralt for å redusera avfall. Ei anna løysing er at selskap blir ansvarleggjorde for levetida til eit produkt. Dette kan oppmoda selskap til å laga produkt med lang haldbarheit.

Me må også verna om Baselkonkvensjonen som seier at alle land har ein rett til å avvisa import av avfall. Noreg og det globale nord må ta ansvar ved å investera i avfallshandtering i det globale sør, ved å sikra at landa har verktøy for å handtera avfall på ein berekraftig måte.

Rammar verdas fattigaste

Dagens globale avfallshandtering tillèt rike nasjonar å kvitta seg med miljømessige og økonomiske byrder.

Me kallar det resirkulering, men det er eigentleg å skyva vårt problem på eit anna land. Dette resulterer i at lokalsamfunn blir øydelagde.

Frå Ghana, til Marokko, til Vietnam, hopar det seg opp store haugar med søppel, som leier til kreft og andre helseskadar.

Eg engasjerer meg ikkje berre i klimakampen fordi eg er spesielt interessert i nokre utryddingstruga insekt, men også fordi klimaendringar alltid rammar verdas fattigaste.

Lat oss bli likeverdige partnarar i det globale avfallshandteringa!