Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan jenter eigentleg spela elgitar?

Etter den store bølgja av kvinner som delt sine historier om seksuell trakassering med emneknaggen #metoo, har det kome ei mindre bølgje av menn som tilstår å ha trakassert. Eg skal tilstå noko langt meir uskuldig, men som likevel går inn i mønsteret av store og små ting som held kvinner tilbake.

Det handlar om St. Vincent, eller Annie Clark, som ho eigentleg heiter – ei av dei store stjernene på indierockhimmelen dei siste ti åra. No er ho aktuell med det kritikarroste albumet Masseduction og singelen «Los Ageless». Her kjem tilståinga:

Då eg såg St. Vincent live på Rockefeller for eit par år sidan, tok eg meg sjølv i å bli overraska over at ho spelte gitar.

Eg har likt St. Vincent heilt sidan ho gav ut Actor i 2009, og dei særeigne gitarriffa og gitarsoloane har alltid vore noko av det som har trekt meg til musikken hennar. Likevel hadde eg aldri sett føre meg at det var ho sjølv som spelte desse riffa og soloane.

Det er liksom ei mannegreie.

Hadde St. Vincent vore mann, hadde eg sikkert automatisk tenkt meg at det var han som spelte leadgitar. Men sidan ho er kvinne, såg eg henne som vokalist, låtskrivar, kanskje keyboardist eller rytmegitarist – alt utanom den gitarheltinna ho faktisk er.

Annie Clark med Music Man-gitaren ho sjølv har designa for å passa til både kvinner og menn. Foto: Justin Higuchi/Flickr

…det feministiske rockeikonet me treng i 2017

I tillegg til ei framifrå konsertoppleving, blei kvelden på Rockefeller difor eit møte med mine eigne umedvitne fordomar. Det er fordomar eg langt frå er åleine om å ha.

Den amerikanske kjønnsforskaren Sonja Foss peikar på at rocken generelt og el-gitaren spesielt er nært forbunde med maskuline kjønnsideal: ein velspelt gitarsolo er også ei god framføring av manndom, skriv ho. Som døme på kor sterkt denne kjønna førestillinga står i kulturen, viser Foss til boka The 100 Greatest Metal Guitarists: Ikkje berre er det 0 kvinnelege gitaristar på lista, dette er også så «sjølvsagt» at forfattaren ikkje ser nokon vits i å seia noko om det. Har han i det heile tatt lagt merke til det?

Når sant skal seiast: Den mest sjølvhevdande og testosterondrypande solospelet, det som med rette blir kalla gitarrunking, kan rockegubbane godt få ha for seg sjølve.

Men kvinner skal sjølvsagt kunna eksperimentera og imponera med gitaren med like stor sjølvfølgje som ein kva som helst mann. Og her er problemet: Når ikkje ein gong eg kunne tenkja meg at ei kvinne kunne vera sologitarist, korleis skal då unge jenter kunna sjå føre seg at dei kan bli det?

Masseduction er ikkje like gitarprega som tidlegare St. Vincent-plater, men «Los Ageless» fyrer av frå start med eit klassisk St. Vincent-riff, med ein feit, forvrengt elgitarlyd.

Når teksten og musikkvideoen i tillegg sparkar frå mot skjønnheitsindustrien og ein fåfengeleg Hollywood-kultur, har eg ingen kvalar med å utropa St. Vincent som det feministiske rockeikonet me treng i 2017.

Som ytterlegare bevismateriale legg eg fram dette konsertopptaket av «Surgeon» frå 2011-plata Strange Mercy:

Vil du skriva om ein låt du likar? Send oss ein epost på tips(a)framtida.no!

Ein låt eg likar

«Los Ageless»

Av: St. Vincent

Frå: Masseduction (2017)