«Kriminaliteten veks – kor er tryggleiken vår?»
For mange har frykta for å bli rana eller overfallen gått frå å vere eit mareritt til ein realitet, skriv Alexandra Jakobsen (18).

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Dagens verd er meir uføreseieleg enn nokon gong. Kvar dag blir vi møtt med overskrifter prega av uro og kriminalitet. Det kan følast fjernt, som noko vi berre les om frå sofakroken i vårt trygge, nordiske land. Dessverre er det ikkje slik.
Berre i forgårs såg eg at VG rapporterte om to nye valdssaker frå austregionen. Den første handla om ein mann som vart brutalt overfallen i Lillestrøm sentrum og fekk alvorlege hovudskadar. Den andre om ein mann tiltalt for vald mot ei kvinne i 30-åra i Kongsberg.
Dette er ikkje enkelthendingar. Kriminaliteten i Noreg aukar i eit skremmande tempo. Hovudstaden er kanskje den byen som er mest utsett for kriminalitet, samtidig som det er her dei fleste nordmenn bur.
Ifølgje Oslo politidistrikts årlege rapport for 2024 har talet på politimelde lovbrot auka med 15 prosent samanlikna med tida før pandemien. Spesielt uroande er veksten i vald og truslar, som har auka med over 15 prosent. Ungdomskriminalitet utgjer no kvar tiande sak.
For mange har frykta for å bli rana eller overfallen gått frå å vere eit mareritt til ein realitet. Tryggleiken i norske gater har aldri vore meir trugande. Berre det siste året fall vi fem plassar på den internasjonale tryggingsrangeringa.
Samtidig som kriminaliteten veks, minkar rekrutteringa til politiet. Stadig færre søker på politiutdanninga, og no har vi både færre politifolk og fleire kriminelle.
Tenk deg at du skal til sentrum med vener for å ete middag. Før var det viktigaste spørsmålet om du burde ta med paraply eller solbriller. No er det ikkje usannsynleg at foreldra dine heller ber deg ha peparspray i lomma.
Gjengkriminalitet og generell kriminalitet veks altså, men regjeringa har ikkje tatt nokon synlege tak for å gjere dei norske gatene tryggare. Dette kan vi ikkje akseptere.
Unge Høgre meiner at du og eg har rett på ein trygg by. Difor vil vi styrke politiet, gjere dei meir synlege i gatene og sørge for at dei har ressursane og kompetansen som trengst for å handtere kriminalitet.
Når vi ønskjer fred og ro i verda, kan vi ikkje gløyme våre eigne gater.