Veit du kva du ønsker deg?

Tormod Ytrehus
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Man måste veta vad man önskar sej / För att få vad man vill ha», heiter det i ei låt eg liker. Eg høyrde songen første gong i starten av tenåra, etter å ha gravd fram frå foreldra mine si platesamling. Sidan den gong, har den blitt ved meg.

Eg liker låta eg liker fordi den handlar om to fine ting: kjærleik og revolusjon. I tenåra var det få ting eg ville så sterkt som ei sosialistisk samfunnsomvelting som kunne lindre verdas nød. Eg drøymde om den verkelege fridommen. Medan kjærleiken kom på ein god nummer to. Det var berre plass til ein lidenskap i livet mitt.

Tormod Ytrehus likar låta fordi den handlar om to fine ting: kjærleik og revolusjon. Foto: Bent Are Iversen

I dag drøymer eg litt sjeldnare om revolusjon. Men eg lærte noko viktig den gongen: Å vere revolusjonær handlar om å gjere – ikkje å meine. Det er kva du gjer i praksis for ei betre verd som tel. Og det er heilt sant. Verda er full av folk som meiner fine ting, men ikkje følger opp med handling:

«Och du säger att du älskar oss / Och du vill lindra världens nöd / Men du ger din kärlek liksom när / Du ger en fattig gammal bröd», syng Michael Wiehe i songen.

Det er handling frå mange i fellesskap som endrar samfunnet, ikkje hyggelege tankar. Kva betyr det? Det betyr at om du ser ei gryande folkerørsle, så må du slenge deg på, før det er for seint:

«Nu står vi här och väntar / Medan regnet öser ner / Och fast det regnar småspik / Så blir vi bara fler och fler / Och snart ska tåget starta / Du har ju sagt, du ville med / Men om du inte kommer nu / Så kommer du för sent / Ja, om du inte kommer nu / Så kommer du för sent»

Ikkje spel kostbar – ikkje ver redd for å stå opp for det du trur på, seier Michael Wiehe og Hoola Bandoola Band i songen:

«Men nu står du liksom månglarna / På Veronas grönsakstorg / Och låtsas sälja dina varor / Från en flätad videkorg / Och du köpslår så förslaget / Och du tar så pass bra betalt / Att hur än kunden förödmjukar sej / Blir affären aldrig av»

Songen handlar om å omsette ord til handling, anten det gjeld politisk aktivisme eller den vanskelege kjærleiken. «Det handlar så klart om kärlek», seier Wiehe sjølv om verset. Det handlar om oss feigingar som ikkje klarer å bestemme oss for kva vi vil ha: «Hon lockar och lovar men vågar inte ta steget. Så det blir aldrig nånting av.»

Eg set gjerne på denne songen når eg vil minne meg sjølv på at ein må vite kva ein ønsker seg – både i samfunnsutviklinga og kjærleiken. Det er ikkje alltid lett.