Reell medvirkning er ein organisasjon som tilbyr opplæring for at ungdom skal bli sett og høyrt. – Vi skreddersyr opplegg etter ungdomens behov, seier Camilla Ringdal Dukefos.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er så mange som ikkje høyrer etter når ungdom snakkar
Camilla Ringdal Dukefos var med å starte organisasjonen Reell medvirkning i fjor sommar, og er no dagleg leiar.
Reell medvirkning jobbar med korleis barn og ungdom kan få større medverknad i samfunnet, og tilbyr opplæring til skuleklassar, kommunen, fylkeskommunen og organisasjonar.
– Vi starta Reell medvirkning fordi vi såg eit behov, og fordi vi meiner kommunar og fylkeskommunar har eit ansvar for at unge blir høyrde. Barn og unge er ekspertar på sine eigne liv. Ein går glipp av veldig mykje og mange nyansar i samfunnet om ein ikkje lyttar til dei, seier Dukefos.
Valfag om medverknad: Ei gåvepakke til skular
Reell medvirkning har utvikla ein modell for å gjere valfaget Innsats for andre prosjektbasert og ungdomsstyrt. Der får ungdomsskuleelevar bruke ressursane sine til å løyse utfordringane sine, og jobbe med det dei synest er viktig.
– Det er ei gåvepakke for skular, tenkjer eg. Det er så låg terskel som det kan bli. Ungdom set ord på det dei synest er vanskeleg og det dei opplever som hindringar i sine liv, og får tid og rom til å finne eigne løysingar. Dei opplever meistring når dei får rom til å ta plass og blir sett og støtta av læraren, seier ho.
- Les også: Lovfestar ungdomsråd i alle kommunar
Reell medvirkning har eit undervisningsopplegg for valfaget alle skular kan bruke, men dei kjem også gjerne og gir lærarrettleiing og opplæring rundt omkring i landet.
Dei kan og skreddarsy tilpassa undervisningsopplegg til skuleklassar. Ein skule valde å sette fokus på mobbing.
Vi må øve oss på å involvere. Øve oss på å lytte. Øve oss på å forstå kvarandre
Vaksne må skjerpe seg
Det er så mange som vil lytte til ungdom, men som ikkje lyttar når ungdom snakkar. Vaksne som vil bli betre til å lytte til unge må lære seg å først og fremst lage plass til ungdom og gje dei verktøy til å finne løysingar sjølve.
Altfor mange vaksne tenkjer at dei må finne løysingar på unge sine problem, og gløymer at unge kan tenke sjølv og kjenner kvardagen sin best.
– Barn og unge blir dessutan mykje meir aktive samfunnsborgarar livet ut om dei får vere med å finne løysingar frå ung alder. Eg brenn for at vanleg ungdom, uansett bakgrunn og evner, skal bli høyrt, seier ho.
Eg brenn for at vanleg ungdom, uansett evner, skal bli høyrt.
- Les også: Droppa tentamen på grunn av stress
Reell medvirkning tilbyr også opplæring av ungdomsråd, og Dukefos er svært nøgd med nyleg lovfesting av ungdomsråd.
– Barn er prisgitt oss vaksne sine premiss. Vi har eit ekstra ansvar for å løfte fram stemmene deira. Ungdom har rett til å bli høyrd. Alle innbyggjarar må lyttast meir til, og denne lovfestinga er ei annerkjenning av barn si stemme, seier Dukefos.
Faktaboks
- Camilla Dukefos er leiar i Reell medvirking.
- Organisasjonen vart stifta sommaren 2017.
- Tilbyr
– Det prosjektbaserte valfaget Innsats for andre
– Opplæring av ungdomsråd, politikarar og adminitrasjon
– Kurs i foredrag, møte- og debattleiing
– Rådgiving og pressebistand. - Alle som ynskjer opplæring av organisasjonen kan ta kontakt.