– På same måte som medisinfaget, kan samfunnsfag redde liv


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Når ein vaksen mann slår ein 13-åring i ansiktet har vi eit problem. Når ein vaksen mann slår ein 13-åring i ansiktet med eit rasistisk motiv; har vi eit endå større problem. Rasisme er ikkje eit svart-kvitt problem med ei enkel løysing, sjølv om det er eit tåpeleg problem.

Saka som debattanten viser til er lagt bort av politiet og ser ikkje ut til å funne stad. Som antirasistisk.no peikar på, er det likevel god grunn til å sjå på problemet med hatkriminalitet. Sjå melllom anna Oslo politidistrikt sin hatkrimstatistikk, eller Oslo tingrett si oversikt over domfellingar. – Redaksjonen

Eg meiner likevel vi må finne konkrete løysingar. At barnehagen og skulen må ta større ansvar; at vi må lære barn om fleirkulturisme og mangfald i djupna. Barn er meir opne enn vaksne, og grunnverdiane våre formast medan vi er små.

Norge er eit fleirkulturelt samfunn, på same måte som det er ein velferdsstat. Så kvifor lærer vi så mykje meir om velferdsstaten? 

I følgje SSB utgjer innvandrar og norskfødde med innvandrarbakgrunn 17 prosent av den norske befolkninga. I Oslo har 1 av 3 innvandrarbakgrunn. Med andre ord er heile Norge svært fleirkulturelt, sjølv om Oslo skil seg ut.

På same måte som medisinfaget, kan samfunnsfag redde liv

Dette er ikkje eit problem, men når ein rasist utøver blind vald har vi som sagt eit problem. Dette problemet kan ei større satsing på samfunnsfag vere med på å løyse. Kvifor har matematikk framleis så mykje høgare status enn samfunnsfag? På same måte som medisinfaget, kan samfunnsfag redde liv. Normativ vald er svært ofte bakgrunnen for fysisk vald – fysisk vald mot menn som held hender på gata er eit eksempel på dette. Legar kan hjelpe til når ulykka allereie har skjedd, men samfunnsvitarar og pedagogar kan førebygge at uhellet i det heile tatt skjer. Likevel har vi to timar samfunnsfag på VG1 og nesten 10 timar matte- og naturfag.

Matte kan sjølvsagt vere nyttig for mange. Men personleg blir eg stadig overraska over kor mykje unødvendig eg lærte i mattetimane på ungdomsskulen og vidaregåande. Eg har aldri fått bruk for verken sannsynsrekning, konstruksjon og algebra. Og dette brukte eg store deler av ungdomstida mi på.

Foreldre kan også tenkje over kva verdiar dei formidlar om mangfald i heimen

I tillegg til at skulen må ta ansvar, kan foreldre også tenkje over kva verdiar dei formidlar om mangfald i heimen. Vi kan alle bli flinkare til å snakke med barn og ungdom om kultur, mangfald, innvandring og så vidare. Om framandfrykt, høgreekstremisme og eigne fordommar.

Og kanskje kan vi tenkje over vår eigen posisjon i større grad. Vi utvandra ikkje berre til Amerika då vi verkeleg trengde det, slik andre treng oss no. Vi utvandrar også for sol og varme, for vårt eige velbehag.

Eg blir så sint av å tenke på kor dobbeltmoralske mange norske er når det kjem til integrering. Det er så viktig at dei som kjem til Norge, sjølv om dei kanskje har vore utsett for traumatiske hendingar. Om dei ikkje hiv seg på skulebenken for å lære norsk og den norske kulturen å kjenne frå dag ein, er dei late.

Vi tvangsreturnerer menneske til Afghanistan, eit av verdas farlegaste land, men slår oss ned i Spania fordi det er behageleg med varme

Sjølv blir vi ikkje mette av hytte, båt og Sydenferie. Vi vil gjerne bu i Spania om vinteren, eller i eit anna varmt land. Og om vi skulle føle for det kan vi sjølvsagt busette oss i andre land også på fulltid. Ikkje for å integrere oss, men som ein del av ein norsk getto, eit norsk samfunn i eit tilfeldig land med varme rett og slett!

Vi tvangsreturnerer menneske til Afghanistan, eit av verdas farlegaste land, men slår oss ned i Spania fordi det er behageleg med varme. Og dette er allment akseptert. Vi er jo ikkje ei byrde for lokalsamfunnet der vi, vi er så siviliserte og snille, rike og uproblematiske.

Forskjellsbehandling finn vi oss rett og slett ikkje i. Så lenge den går utover oss sjølve…