Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 02.07.2018 19:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Tech-humanistar» vil redde menneskeheita frå teknologi og sosiale medium

Heilt sidan morgonen til internett har vi høyrt at teknologien ikkje er bra for oss. Dei sosiale media gir oss angst og depresjonar. Mobiltelefonen øydelegg både konsentrasjonen vår og evna til å kommunisere med andre menneske.

Trass i forsking som viser negative følgjer som kjem av for mykje skjermtid og hyppig bruk av sosiale medium, held dei store selskapa i Silicon Valley optimistisk fram med å lage nye tenester og nye funksjonar som dei meiner vil forbetre kvardagen vår.

Men denne optimismen fekk ein smell etter det amerikanske valet i 2016, då det blei klart at sosiale medium, og spesielt Facebook, har spreidd falske nyheiter og gitt ein plattform til russiske botar som kan ha påverka valet.

Denne smellen har igjen satt søkelys på dei negative verknadene av internettet, og gitt grobotn til såkalla tech-humanisme.

Tech-humanistane er urolege for at teknologiske produkt ikkje berre trugar helsa vår, men heile menneskeheita.

Teknologiske produkt er laga for å vere avhengigheitsskapande og fange så mykje av merksemda vår som mogleg. Det er nettopp dette avhengigheitsskapande designet som er problemet, meiner tech-humanistane.

Vil lage teknologi som «vernar sinnet»

«Menneskeleg design er løysinga», står det på nettstaden til den amerikanske organisasjonen Center for Humane Technology.

Organisasjonen blei etablert av Tristan Harris, Aza Raskin og Randima Fernando i 2013. Både Harris, Raskin og Fernando har bakgrunn frå store tech-selskap i Silicon Valley. Dei vil bruke erfaringane sine frå bransjen til å finne ut nøyaktig kor i den teknologiske utviklinga det gjekk galt.

Ved å lage eit meir humant design, legge press på politikarane og gi liv til ei «kulturell oppvakning», vil leiaren for organisasjonen, Tristan Harris, sette teknologien tilbake på rett spor.

– I framtida vil vi sjå tilbake på i dag som eit vendepunkt. Frå då vi gjekk frå å ha teknologi som trekk bort merksemda vår og eroderer samfunnet, til å lage teknologi som beskyttar sinnet vårt og gjer samfunnet rikare, skriv Center for Human Technology på nettstaden sin.

Tristan Harris er tech-humanist og ville gjere teknologien meir menneskevennleg. Foto: TED

Tristan Harris er tech-humanist og ville gjere teknologien meir menneskevennleg. Foto: TED Conference/Flickr

Skeptisk

Organisasjonen har fått positiv omtale, blant anna frå New York Times. Men ikkje alle er like begeistra. Forskar Moira Wegel og journalist Ben Tarnoff meiner at det er eit problem at bodskapet kjem frå teknologi-eliten.

Det er nemleg ikkje berre tidlegare Silicon Valley-tilsette i Center for Human Technology som vil fikse teknologien. Sjef i Snapchat, Evan Spiegel, Twitter-sjef Jack Dorsey og Mark Zuckerberg har alle vist interesse for å gjere sosiale medium meir etiske.

Men Wegel og Tarnoff meiner at tech-humanistane frontar endringar som eit felles gode, men at det i realiteten vil dei gje mogulane i Silicon Valley endå meir makt og pengar.

I fjor annonserte Mark Zuckerberg at Facebook ville fremje konseptet «vel brukt tid», i motsetning til «total brukt tid». I staden for å satse på at brukarane skal bruke så mykje tid som mogleg på Facebook, skal heller kvaliteten på tida som blir brukt, auke. Kvalitet, framføre kvantitet.

Ein av måtane å gjere det på, er å bruke eit verktøy som målar «kvaliteten» på relasjonen mellom to brukarar. Jo meir interaksjon som skjer mellom to personar, jo høgare blir «kvaliteten» på forholdet dei i mellom. Facebook reknar med at du har liknande interesse som dei du har ein god kvalitet på relasjonen med. Facebook-veggen din vil difor ha meir av det same innhaldet som venene dine har – i staden for tilfeldige videoar, bilete eller reklame som det var tidlegare.

– Det betyr, med andre ord, at «vel brukt tid» gjer det mogleg for Facebook å tene meir pengar, meiner Wegel og Tarnoff.

Løysinga

Fleire og fleire begynner å bli urolege for kor mykje kontroll selskapa i Silicon Valley har over liva våre. Men mykje tyder på at sosiale medium er komen for å bli. Er tech-humanisme den rette løysinga på problemet?

Nei, meiner Wegel og Tarnoff. Makta som Silicon Valley no har må heller reduserast, meiner dei:

– Vi burde krevje at heile samfunnet skal få bestemme korleis vi skal leve med teknologi – i staden for at ei lita gruppe av menneske som sit på store rikdommar skal avgjere det.