Det blir éin million fleire kvar dag.
mm

Det ser ut til at internett har kome for å bli. Over 3 milliardar menneske brukar no sosiale medium, skriv Mashable; det er om lag 40 prosent av alle menneska i verda, og fleire menneske enn det fanst på jordkloten då The Beatles spelte sine første konsertar i 1960.

Opplysingane kjem frå ein rapport utarbeidd av Hootsuite og We Are Social, som har samla tal frå alle dei store sosiale media samt internasjonale organisasjonar som FN.

Grafikk: Simon Kemp / Hootsuite / We are Social

Av dei sosiale media er Facebook klart størst med over 2 milliardar aktive brukarar kvar månad, med Youtube og Whatsapp på plassane bak.

Talet på brukarar av desse og andre medium har gått opp med éin million kvar dag sidan sist statistikken vart oppdatert i april. Det tilsvarer ein vekst på 4 prosent, som ikkje viser teikn til å avta.

Rapporten fortel også at talet på internettbrukarar har gått opp til 3,8 milliardar, over halvparten av den globale folkesetnaden. Av desse er det altså berre eit lite mindretal som ikkje har minst éin aktiv konto på eit sosialt medium.

Enno fleire – like over fem milliardar, det vil seia to av tre menneske på jorda – brukar mobiltelefon.

Sjå tala her:

Oppdatert: onsdag 9. august 2017 12.23

Kommentarar

ANNONSE