Ønskjer nasjonal dugnad for språk og ny teknologi
Tekniske duppedittar som du kan snakka med og som kan tenkja sjølv er på full fart inn i norske heimar, men problemet er at det finst lite norsk språkteknologi til å utvikla desse tenestene. Det gjer fagfolk bekymra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tilstanden og vilkåra for norsk språk i den nye digitale kvardagen var eit sentralt tema på Språkdagen 2018, som torsdag gjekk av stabelen i Oslo.
– Noreg har i dag ikkje så mykje språkteknologi i det heile, og med tale og tekstbiten står det ganske dårleg til, sa teknologidirektør Shahzad Rana i Microsoft Norge som var ein av innleiarane på den årlege konferansen til Språkrådet.
Rana er også ein av sju medlemmer i det såkalla framtidsutvalet til Språkrådet som skal sjå på viktige utfordringar for det norske språket vidare.
Han peikte på at talestyrte hjelpemiddel blir meir og meir utbreidd, og at vi snart kan styra mykje av elektronikken i heimen berre ved å snakka til digitale duppedittar. For å sikra at folk i framtida kan kommunisera med slike hjelpemiddel på norsk, meinte han det er viktig å setja språkteknologi inn ein større samanheng og få til eit breitt samarbeid mellom ulike departement, forskingsmiljø og andre aktørar.
– Trengst eit nasjonalt løft
Også språkdirektør Åse Wetås tok til orde for eit nasjonalt løft for norsk språkteknologi. Ho meinte det er avgjerande for det norske samfunnet at det norske språket heng med i den digitale utviklinga.
– Alle departementa og heile det norske samfunnet har eit ansvar for at me skal kunna løfta det norske språket inn i den digitale tidsalderen. På same måten som vegar og jernbane må me byrja å sjå på språk som heilt nødvendig infrastruktur for at det norske samfunnet skal fungera.
Ho var klar på at språkteknologi er eit område som Noreg ikkje kan overlata til internasjonale aktørar.
– Me må vera med å bestemma. Me må stilla tøffare krav til dei som skal utvikla denne type tenester. Det må vera eit krav at tenestene skal vera på norsk og at dei skal vera tilgjengelege både på bokmål og nynorsk, slo ho fast.
– Enklare kvardag
Wetås peikar på at språkteknologi vil gjera kvardagen enklare for folk, og at det er viktig å sjå språk i ein større samanheng.
– Me må tenkja på dette som investeringar som gjer at det norske samfunnet blir enklare å drifta. Viss gamle folk skal kunna sitja heime i stovene sine og styra kjøleskap med bruk av stemma si, er me avhengige av å investera det som trengst for å utvikla teknologi for taleattkjenning, seier ho.
Ho håpar difor på brei politisk vilje til å løfta norsk språk over i den teknologiske tidsramma.
– Me må difor ikkje sjå på dette som eit lausrive kulturtiltak eller noko som er artig å ha. Det er ting som kan løysa store samfunnsproblem og spara oss for store utgifter, seier Åse Wetås. (©NPK)