Difor postar du på sosiale medium

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 18.12.2017 20:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Why we post» er eit femårig prosjekt som har forska på bruken av digital media i Brasil, Chile, Trinididad, England, Italia, Tyrkia, India og Kina.

Denne veka var Daniel Miller på UiO for å presentere forskinga si.

Resultata av forskinga kan samlast i 15 klare funn:

  1. Sosiale medium gjer oss ikkje meir individualistiske.

Sjølv om ein i prinsippet kan poste kva som helst til kven som helst og vere uavhengig, er det vanleg å bli med i grupper og tilpasse seg til desse.

2. For nokre menneske hindrar ikkje sosiale medium utdanning – det er utdanning.

Til dømes har mange, særleg land som Kina og India, lært seg om konseptet privatliv gjennom å sjå andre på sosiale medium som er opptekne av dette, og forstår kor viktig det kan vere. Gjennom å høyre forteljingar frå andre kan kvinner i desse landa kan òg lære at dei ikkje treng å finne seg i alt, som har ført til at langt fleire forlèt ektemennene sine.

Daniel Miller har forska på sosiale medium og heldt føredrag om funna sine tysdag kveld. Foto: Youtube/skjermdump.

3. Det er mange ulike sjangrar av selfie.

Klassisk: Desse finn du helst på Instagram. Dei er førebudde, ofte stiliserte bilete du er stolt av.

Groupie: Oftast på Facebook. Unge publiserer ofte bilete der dei er saman med andre og har det moro.

Tagga: Bilete på Facebook du ikkje har publisert sjølv. Dei får deg ofte til å sjå noko uvanleg ut.

Stygge: Desse finn du helst på Snapchat. «Stygt» bilete, ofte teke frå haka og opp og noko uklart, med rare grimasar og bakgrunnar.

LES OGSÅ: Vi må navigere oss ut av selfies, filter og posering

4. Likestilling på nettet gjer ikkje at vi får likestilling offline.

For kvinner i land som Tyrkia gjev sosiale medium ein sjanse til å kommunisere med andre, og få vener som hadde vore vanskeleg for dei å ha i andre samanhengar. Det endrar ikkje det faktum at dei ikkje har «lov» til å fysisk kommunisere med menn og dei fleste andre dei ikkje jobbar med eller er i familie med. Folk blir heller ikkje meir eller mindre rike av å kommunisere med kvarandre på sosiale medium, sjølv om dei møtest der som jamnbyrdige.

5. Det er folka som brukar sosiale medium som lagar dei, ikkje utviklarane.

Måten til dømes skuleelevar brukar Twitter til å krangle med kvarandre med er veldig annleis enn utvekslinga av informasjon dei fleste vaksne antek er funksjonen til denne plattformen.

6. Offentlige sosiale medier er konservative.

Konseptet  «menneske» i sosiale medium er konservativt ved at det blir definert av det som har vore fram til no, ikkje det som det kan bli i framtida. Likeeins er styresmakter definerte av korleis dei fekk makt, anten dei fekk det gjennom val eller ei form for vald/kupp, ikkje av korleis dei kan få makt i framtida.

– Definisjonen på menneske må bli utvida til òg å inkludere alt vi kan bli i framtida, altså det latente potensialet vi har som menneske, ettersom ny teknologi ofte utløyser slike potensial, seier Daniel Miller.

7. Før berre snakka vi – no snakkar vi bilete.

Folk kommuniserer utan ord, og heller gjennom bilete. Ein fattig gut frå ein storby i Brasil kan publisere bilete som får han til å sjå betre ut, så han lagar til dømes bilete av seg sjølv ved eit fint svømmebasseng, ikkje ved det falleferdige skuret han kan hende bur i. Dette er slik han vil at andre skal sjå han og slik han vil at livet hans skal vere i framtida. I eit litt rikare, lite samfunn i Chile publiserer liknande gutar bilete av seg sjølv ved huset sitt, ikkje berre fordi dei er meir stolte av kvar dei kjem i frå, men òg fordi slike mindre samfunn ville ha støtt deg ut sosialt om du hadde laga bilete som dei guten frå Brasil laga.

LES OGSÅ: Over 3 milliardar brukar sosiale medium

8. Sosiale medium gjer ikkje verda meir homogen.

Det er framleis enorme skilnadar på ulike delar av verda, sjølv om dei deler same sosiale plattform.

I til dømes Trinidad er bileta som er lagt ut ofte av vellukka menneske og store familiar, medan dei frå England legg som oftast ut bileta utan andre familiemedlem samt bilete som får avsendaren til å sjå ut som ein idiot («sjå, eg tok på meg to støvlar med ulik farge i dag»).

Unge mødre i Trinidad legg ut bilete der dei syner at dei framleis ser flotte ut, à la Kim Kardashian, medan engelske mødre oftast legg ut bilete der ungen er i fokus.

LES OGSÅ: – Facebook fortel meg kva som er trendy, ikkje kva som er siste nytt

Kinesiske sosiale medium er ikkje som våre. Foto: Youtube/skjermdump.

9. Sosiale medium fremjer sosial handel, ikkje all handel.

Sosiale medium fremjer sjeldan tradisjonell handel, men har laga eit nytt system for handel mellom menneske, nemleg sosial handel. Til dømes kan folk tene pengar på å ha reklame på godt likte Instagram-kontoar eller videoar på Youtube, utan å gjere anna enn å publisere nye bilete og nye videoar.

10. Sosiale medium har skapt nye rom for grupper mellom det offentlige og private.

I mange samanhengar kan du gå i det offentlege rom og samstundes ha svært privat kommunikasjon gjennom bruk av sosiale medium på smarttelefonen din. Motsett kan du sitje heime framfor pc’en din og ha svært offentlege samtalar på sosiale medium der tusenvis av menneske kan lese det du skriv.

LES OGSÅ: Endeleg har vi fått nok privatliv

11. Folk meiner at det sosiale mediet er ein verkeleg stad dei er innbyggjarar av,  ikkje berre eit kommunikasjonsmiddel.

Folk som til dømes ikkje bur saman med familien sin fysisk grunna arbeid eller studier kan no gjere ulike aktivitetar med dei dagleg gjennom sosiale medium. Einsame menneske kan no kommunisere dagleg gjennom sosiale medium.

12. Sosiale medium kan ha stor innverknad på kjønnsrelasjoner, nokre gonger ved å bruke falske kontoar.  

I mange land med strenge sosiale reglar for kommunikasjon mellom ulike kjønn, som i Tyrkia, har sosiale medium laga nye reglar. Så lenge unge ikkje er fysisk nære kvarandre, er det relativt akseptert at dei kommuniserer med kvarandre via sosiale medium, relativt privat.

13. Kvart sosialt medie gjev berre meining når det blir sett i samanheng med andre plattformer og media.

Folk brukar ulike sosiale medium til ulike ting. For unge i skulen er det ofte delt opp slik:

Facebook: Der dei kommuniserer med andre grupper som naboar, kollegar og familie.

Twitter: Der dei snakkar om laust og fast, noko som ofte involverer småerting.

Whatsapp: Ofte klassegrupper med medlemmer frå eitt kjønn der det andre kjønnet blir diskutert hyppig, eller reine klassegrupper der alle er med.

Snapchat: Berre i bruk mellom nære vener som har tillit til kvarandre.

Instagram: Der dei tek imot dei som likar korleis dei ser ut.

LES OGSÅ: Instakvardagen

14. Memer har blitt det moralske politiet i livet på nett.

I det sørlege India er det sett på som ein ting som gjev god karma å sende positive og religiøse memer til vener tidleg på dagen.

England/Trinidad har til dømes langt meir humoristiske memer, men humoren er svært ulik frå land til land. Innbyggjarane i eit spesifikt land eller samfunn tilpassar seg kjapt formen for memer som er akseptabel for dei andre i landet.

15. Vi har ein tendens til å anta at sosiale medium er eit trugsmål mot personvernet, men nokre gonger kan det auke personvernet.

Meldingar frå mellom anna Kina gjorde det klart at privatlivet kan aukast gjennom sosiale medium. I fabrikkar og mange stadar på landsbygda fekk opp mot 250 millionar kinesarar privatliv gjennom sosiale medium. Ofte kjende ikkje desse kinesarane til konseptet privatliv ein gong, ettersom mange var vane med å bu, jobbe og sove saman med andre menneske heile tida.

I muslimske samfunn som Tyrkia er særleg kvinner nekta å snakke med menn utanfor den nære familien, men via sosiale medium kan dei ha vener og til og med løynde kjærastar frå både landet dei bur i og andre land.

Andre kjelder: Why we post

LES OGSÅ: La Instagram vere ein byggjestein i livet ditt, ikkje ein bulldosar

Fakta

Daniel Miller er utdanna som arkeolog og antropolog ved universitetet i Cambridge. Han jobbar med antropologi ved University College London der han danna verdas første program som studerer digital antropologi.

Kjelde: Wikipedia.