Ungdommane frå Nesflaten ungdomsskule svarer på spørsmål om lommepengar, jobb, og kva dei brukar pengane sine på.
Marta-Brit Lunde/Suldalsposten
Marta-Brit Lunde/Suldalsposten

Renate, Kjell Ove, Eldbjørg, Frida, John Gunnar og Maria Alexandra ved Nesflaten ungdomsskule fekk desse spørsmåla om korleis dei skaffar og brukar pengane sine:

1) Får du lommepengar og må du jobba for dei?
2)  Har du eige bankkort?
3) Jobbar du på fritida?
4) Kva brukar du pengane dine på?
5) Sparer du til noko?

Renate Åsland Hagen, 14 år

Renate Åsland Hagen, 14 år

– Eg plar få pengar viss eg har støvsuga, rydda i huset og på rommet mitt, eller har studla. Lommepengar får eg ikkje fast, men når eg treng det eller spør foreldra mine. Ofte er det kanskje 50 eller 100 kroner.

– Eg fekk mitt eige bankkort i fjor. Mamma fører over pengar til kortet mitt. På mobilen min har eg ein app der eg mellom anna kan sjå kor mykje pengar eg har på kortet mitt.

– På fritida jobbar eg på Energihotellet gjennom Læring i næring (LIN). Eg er der annan kvar måndag, etter skulen. Då jobbar eg i to timar. Der serverer eg, tar oppvasken, sjekkar at romma ser greie ut, til dømes at lyspærene verkar.

– Eg brukar pengane min på klede og sko som eg kjøper når eg er i byen.

– Når eg skal konfirmera meg nå i mai, skal eg byrja å spara til bil-lappen.

 

Kjell Ove Vetrhus, 16 år

Kjell Ove Vetrhus, 16 år

– Nei, eg tener eigne pengar. Men treng eg pengar, så spør eg foreldra mine.

– Ja, eg har eige bankkort som eg får lønna mi inn på.

– Eg jobbar som avløysar, ei ordning gjennom avløysarlaget, på garden heime. Eg jobbar både i veka, helgene og i feriar. Frå i haust og fram til nå har eg vel tent rundt 40 000 kroner. Eg har hatt lønna arbeid sidan eg var 13-14 år, trur eg.

– Nå har eg spart opp litt over 60 000 kroner. Om litt skal eg bruka 45 000 kroner av dei på lett motorsykkel som eg har bestilt og betalt 10 000 kroner i depositum på. Eg brukar elles litt på klede.

– Sparer? Det må bli til lappen.

 

Eldbjørg Kalbekkdalen Guggedal, 15 år

– Nei, eg får ikkje sånn veke-lommepengar. Eg plar få sommarpengar, sånn cirka 1000 kroner. Ellers spør eg om pengar dersom eg treng.

– Ja, eg må jobba for pengane. Eg er bonde. Om sommaren er eg med i slåtten. På vinteren steller eg sauene på kvelden. Og så tar eg oppvasken, ryddar og støvsugar.

– Eg har ungdomskort. Mamma fører over pengar til kontoen min. Eg har også sparekonto og BSU.

– Ja, eg jobbar på Energihotellet når dei treng meg. Eg har servert i bryllaup. Andre oppgåver er oppvask, pussa servise og bretta serviettar.

– Mykje av det eg tener går i sparing. Jo, eg brukar litt på klede og anna tull og vas.

– Eg sparar til bil, sertifikat og hus, sidan eg har BSU.

 

Frida B. Andersson, 14 år
– Ja, eg får 100 kroner i veka. Ja, eg hjelper til heime: Tar ut av oppvaskmaskinen, hentar ved og vaskar eigne klede. Når eg får ei oppgåve, plar eg gjera det med ein gong.

– Eg har ungdomskort og ein DNB-app så eg ser kva eg har inne på kortet.

– Ja, eg jobbar på butikken, LIN-jobb, to timar ein gong i veka. Eg har jobba cirka halve perioden min nå. Eg set ut varer, lagar bord med sesongvarer, sånn som nå eit bord med påskevarer, står i kassen og vaskar vindauge.

– Eg brukar pengane på litt forskjellig, klede og sminke.

– Eg sparer ikkje til noko no. Viss eg sparer, plar det vera til klede.

John Gunnar Kalbekkdalen Guggedal, 14 år
– Det varierer. Viss eg skal noko, til dømes til Stavanger eller Haugesund, får eg pengar. Eg får når eg treng det. Eg er med å studlar og har ulike arbeidsoppgåver både ute og inne.

– Nei, eg har ikkje eige bankkort. Det blir vel bankkort når eg konfirmerer meg til våren.

– Om vinteren freseg eg snø hjå besteforeldra mine. Eg tener ikkje pengar på det, men eg hjelper dei. I fjor sommar klipte eg plen for naboane. Til saman trur eg at eg tente cirka 1200 kroner. I vinterferien jobba eg på Hydro, Læring i næring, i tre dagar. Då var eg med inn i stasjonen, vaska bilar, mellom anna. Eg jobba to dagar der nå i påska.

– Det er ikkje så mykje eg brukar pengar på.

– Eg sparer til lite no, jo kanskje til ei drone. Etter konfirmasjonen blir det BSU.

 

Maria Alexandra Aarhus, 15 år

– Eg får viss eg skal noko spesielt. Då får eg kanskje 200 kroner, alt etter kva det er.

– Ja, eg må jobba bra på skulen, rydda rommet mitt og mata katten min Nikki.

– Ja, eg har ungdomsbankkort. På mobilen har eg lasta ned ein app så eg ser kva eg har på kortet av pengar. Akkurat nå har eg 46 kroner og 50 øre.

– Eg har LIN-jobb på Vinjar bu- og omsorgssenter kvar tredje søndag frå klokka 11 til 15. Der dekkjer eg på bord, ordnar namnelappar, sjekkar at stolane er ok, vaskar opp og dekorerer kaker.

– Eg brukar pengar på klede, vanlege ting eg treng.

– Ja, eg sparer til PC. LIN-lønna eg får, skal eg bruka til det. I mai er eg konfirmant. Får eg pengar då, vil eg spare noko av det til bil eller sydentur til eg blir 18 år.

Denne saka sto først på trykk i Suldalsposten.

Oppdatert: måndag 14. mai 2018 10.30

Kommentarar

ANNONSE