Sofie (17) har byrja på sommarjobben allereie

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mikkelparken i Kinsarvik er ein park med aktivitetar for born i ulike aldrar.

– Den viktigaste grunnen til at eg har sommarjobb, er pengane. Men det er jo og for å ikkje kjeda meg. Det er andre året mitt i Mikkelparken. Eg har sommarjobb på tredje året, fortel Sofie.

Full rulle i kafeen heile sommaren

Sofie var 14 år då ho hadde sommarjobb fyrste gong på «Essoen», bensinstasjonen i Kinsarvik.

Arbeidsoppgåvene hennar i kafeen i Mikkelparken er typiske kafeoppgåver.

– Eg lagar mat, tar bestillingar, vaskar, og går og passar på at det ser reint og fint ut, utanfor kafeen, seier den blide jenta vidare.

Sofie skal arbeide heile sommaren og i helger før og etter sommaren.

– Eg har sjukt masse vakter i sommar, men det vert det pengar av, ler ho.

LES OGSÅ: Sjefen i NHO Reiseliv: – Tilset 16-åringar også!

Sofie Opedal (17) lagar mat i kafeen til Mikkelparken i sommar. Foto: Mari Hansen

Draum frå ho var lita

Sofie trivst godt i jobben. Ho synest miljøet er veldig bra og ho har mange vener som delar same arbeidsplass. Ho kjenner nesten alle, og det er mange som er jamngamle med henne.

– Eg har alltid sett opp til dei som jobbar i Mikkelparken frå eg var lita, då tenkte eg at det må jo vera den store draumen. Alle vener søkte seg og dit. Det er og veldig greitt at det ligg så nærme.

Møt opp med søknaden i handa

Sofie har fylgjande råd til dei som ynskjer å få seg jobb på sommaren:

– Ein må vise at ein er engasjert og motivert, trur ho.

Ho trur det vil gjera ekstra inntrykk å møte opp der du vil ha sommarjobb med søknaden i handa. Møte opp «face to face», som ho seier, med potensielle arbeidsgjevarar.

LES OGSÅ: Sjekk kva du har krav på i sommarjobben!