Mange krev norrønt tilbake i norskfaget

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har aldri før hatt så høge tal i ein høyringsrunde, og vi er veldig fornøgde med at så mange engasjerer seg og har lyst til å bidra i arbeidet med kva som er det viktigaste elevane skal lære i skulen, seier Tone Mittet, prosjektleiar for fagfornying i Utdanningsdirektoratet (Udir), til NTB.

Eit snautt døgn før høyringsfristen går ut ved midnatt natt til onsdag er over 2.200 høyringssvar registrerte, og direktoratet reknar med at det vil komme eit hundretal svar til før fristen er ute.

– Eg synest ikkje det er så rart at så mange engasjerer seg i dette, for skule er noko vi alle har eit forhold til. Veldig mange er opptekne av kva slags kompetanse barn og unge skal få i framtida, seier Mittet.

Krev norrønt tilbake

Magne Aasbrenn i Mållaget. Foto: Noregs Mållag.

Debatten har gått etter at faggrupper tidlegare i år foreslo ei rad kutt og endringar i skulefaga for å gi rom for meir djupnelæring og djupare forståing. Å tone ned norrønt språk, eldre norsk språkhistorie, idrettspreget i kroppsøving og religionshistorie i KRLE er blant forslaga som har skapt reaksjonar.

Desidert flest innspel har komme om norsk – med førebels nærmare 360 innspel. Utvalet får kritikk frå fleire hald for å foreslå å tone ned fokuset på eldre litteratur- og språkhistorie. Blant dei Noregs Mållag, som meiner forslaga vil svekkje forståinga av samfunnet og kulturen elevane lever i.

LES SAKA: Kuttar i grammatikken – det likar Noregs Mållag dårleg

Rik og verdskjent

«Vi står att med eit norskfag der norske elevar ikkje i det heile skal møte den rike og verdskjende litteraturarven frå norrøn tid», skriv organisasjonen i sitt høyringssvar.

Samarbeidsnemnda for norrøn filologi i universitets- og høgskolesektoren reagerer også sterkt på forslaget.

– Konsekvensane av dette er store, for skulen legg grunnlaget for korleis kunnskapane om den litterære og språklege fortida blir hos heile befolkninga. (…) Vi minner om at den norrøne litteraturen er verdskjend for sin kvalitet, og det verkar lite reflektert at direktoratet vil hindre den norske befolkninga i å få dei kunnskapar som trengst for å oppleve glede og erkjenning av den litterære fortida, skriv nemnda.

Matematikk, engelsk, KRLE, naturfag og kroppsøving toppar også lista over faga som har fått flest innspel.

Lange ønskelister

Då kuttforslaga vart sende på høyring, var direktoratet tydeleg på at dei primært ønskte innspel på om dei hadde lykkast med å legge til rette for djupnelæring og prioritere det viktigaste i faget, ikkje innspel til nye tema å ta inn i faga.

I høyringsrunden vrimlar det likevel med forslag til både nye tema som bør inn i faga og krav om at kutta element blir tekne inn igjen.

Meir kunnskap om dyrevelferd, etisk og religiøst basert kosthald, stråling og skadeverknader av sola, berekraftig transport, forbrukarkunnskap og meir om korleis kjemiske stoff reagerer med kvarandre, er blant temaa som er ønskt inn i faga.

LES OGSÅ: Vil ha ny opplæringslov for å sikre nynorskelevane

Må sjå heilskapen

Tone Mittet seier direktoratet må sjå på heilskapen for å vurdere om noko nytt skal inn i faga utover det som er foreslått.

– Det er heilt klart at mange har meiningar om skulen og vil vareta sine interesser, men mandatet er å sørgje for at elevane oppnår meir djupnelæring, og då må vi prioritere kva som er viktigast. Vi kan ikkje bere velje kva som skal gå inn, seier ho.

Udir skal framover jobbe med å samanfatte innspela og vil legge fram eit endeleg forslag til kjerneelementa i kvart fag før sommaren. Desse skal igjen brukast som utgangspunkt for å lage nye læreplanar.

Dei nytrimma faga skal takast i bruk frå hausten 2020. (©NPK)

Les alt om Fagfornyinga her!