Meir skjønnlitteratur i skulen!
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Korleis norskfaget er bygd opp i skulen er eit mykje debattert tema. Medan politikarane står i ein intens valkampinnspurt og diskuterer kven som har den beste skulepolitikken, har norskfaget sakte, men sikkert gått over til ei meir teoretisk læreform, kor abstrakte idéar og omgrep står i fokus i staden for å forbetre kunnskapar på viktige område som tekstforståing og skrivekunnskapar.
Ein kan ofte lese innlegg i media kor folk uttrykkjer seg om korleis dei meiner ulike fag burde bli undervist, og spesielt norsk er eit fag som mange meiner noko om. Diskusjonen blir i mange tilfelle prega av engasjement og kjensler, noko som ikkje er rart sidan dette er eit tema som vedgår fleire ulike generasjonar og grupperingar. Vi kan alle einast om at språket, og dermed norskfaget, er viktig for identiteten vår, og med ei utvikling kor fagområde blir endra raskare enn vi er vande med er det nødvendig at denne debatten blir oppretthalde. Samstundes er det viktig at faglege vurderingar ligg til grunn for avgjerdene som blir tatt.
I 2015 kom Ludvigsen-utvalet med sluttrapporten som tek for seg framtidas skule. Rapporten gir eit breitt utval føringar for korleis skulen best mogleg kan bli tilpassa nye utfordringar som ventar kommande generasjonar. Eit av hovudpunkta var at kreativitet må inn i alle fag. Utvalet skriv blant anna “at skulen bidrar til å utvikle elevanes kompetanse i å utforske og skape, er av stor verdi både samfunnsmessig, kulturelt og økonomisk.” Vidare skriv dei at dette i tillegg er verdifullt for kvar enkelt. Dermed burde det vere nærliggjande å tenkje at det er ei gyllen investeringsmoglegheit å gi skjønnlitteraturen ei viktigare rolle i norsk skuleopplæring.
Først og fremst er skjønnlitteratur viktig med omsyn til å forbetre språket. Det gir ein fordel i tekstskriving, i tillegg til at det er ei av dei største kjeldene for å utvikle ordforrådet. Skjønnlitteratur er også viktig for å trigge fantasien til unge menneske. Det finst ingen grenser for kva slags historier ein kan lese, noko som er med på å utvikle elevars evne til kreativitet og problemløysing, i tråd med Ludvigsen-utvalet sine forslag. Men kanskje viktigast av alt er kva slags verdi skjønnlitteraturen har for lesaren sjølv. Ein verdi som vi ikkje kan måle gjennom nasjonale prøvar eller auking i bruttonasjonalprodukt, men som berre lesaren sjølv kan verdsetje og sette pris på.
For å konkludere har skjønnlitteraturen verdiar som er utelukkande positive og som kan vere med på å løyse ulike utfordringar som ligg framfor oss. Når dei faglege vurderingane i tillegg påpeker fordelane med meir skjønnlitteratur i skulen, står det fram som openbert at meir skjønnlitteratur er ei framifrå løysing både for den einskilde og for samfunnet.
- LES OGSÅ: La oss dra utanfor kartet sine grenser