Åtvarar mot ungdom sitt storforbruk av smertestillande
Både gutar og jenter i ungdomskulealder brukar smertestillande mot smerter og stress. Det kan få alvorlege konsekvensar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg har tru på rett behandling til rett tid. Å bruke smertestillande for å takle utfordringar i kvardagslivet, det har eg lite tru på.
Det seier forskar Siv Skarstein ved OsloMet i eit intervju som er publisert på Forsking.no.
Skarstein har skrive doktorgrad om bruk av reseptfrie smertestillande medisinar. Fleire og fleire ungdommar slit med smerte, og Skarstein er uroa for dei som har eit stort inntak av til dømes paracetamol dagleg, eller fleire gongar per veke, i meir enn fire veker.
- LES OGSÅ: Ungdommar skadar seg med smertestillande
Både gutar og jenter
367 ungdomsskulelevar har svart på undersøkinga. Den viser at inntaket av piller startar tidleg, og at det er om lag like mange gutar og jenter.
- LES OGSÅ: Åtvarar mot høgt forbruk av smertepiller
I rapporten står det at storforbrukarane hadde meir smerter i ulike delar av kroppen, sov mindre, hadde meir skulefråvær, drakk meir koffeinhaldige drikkar, hadde fleire epsiodar med fyll, jobba meir i fritida, hadde lågare ambisjonar for framtidig utdanning og lågare sjølvtillit enn ungdom i kontrollgruppa.
Det er ikkje funne kulturelle eller økonomiske skilnader på kven som brukar mykje og lite.
Gjennom djupneintervju med 19 av ungdommane som brukte mykje smertestillande, fann Skartstein ut at ungdom også brukar smertestillande for å handtere stress, som sosiale arrangement, eksamenar, trening og konkurransar.
Nær alle har ofte vondt i hovudet, men har ikkje fått stilt nokon diagnose.
Kan gje kronisk hovudverk
Skarstein er uroa for effektane av overforbruk. Varig bruk av smertestillande kan gje kronisk hovudverk og alvorlege leverskadar. Smerte er også viktige signal:
– Hyppig smerte er eit tidleg varsel. Kroppen prøvar å fortelje deg korleis du har det. Kanskje treng du kvile. Kanskje treng du å stresse ned, seier Skarstein.
I ein tredje intervjurunde kom det fram at mødrer har stor innverknad på medisinbruken.
– Vi har lett for å verdsette menneske for prestasjonane deira. Mange ungdommar set uendeleg høge krav til seg sjølv, og fallhøgda er veldig stor. Lat ungdommen din få kjenne at han eller ho er verdifull, uavhengig av kva som blir prestert, rådar Skarstein.
- LES OGSÅ: Fem ting du ikkje visste om penis