Ungdomar skadar seg med smertestillande
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ungdomar skadar seg med piller
Saka var først publisert i Vikebladet Vestposten.
Talet på slike saker aukar for kvart år. Dette gjeld også sjølvpåførte forgiftingar blant unge jenter frå 15 til 19 år.
Meldingar til Giftinformasjonen om paracetamol hos ungdom (10-19 år) dreier seg i stor grad om sjølvpåførte forgiftingar. I denne samanhengen betyr det at legemiddelet er teke i den hensikt å skade seg sjølv eller som eit rop om hjelp.
I 2015 var dette årsaka til heile 73,5 prosent av spørsmåla til Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet for denne aldersgruppa. Talet på førespurnader om sjølvpåførte forgiftingar har stige kraftig dei siste åra.
LES OGSÅ: Åtvarar mot høgt forbruk av smertepiller
Flest jenter
Jenter er sterkt overrepresentert i ungdomsgruppa ved sjølvpåførte forgiftingar med paracetamol. I 2015 hadde Giftinformasjonen omtrent ti gonger så mange spørsmål om sjølvpåførte forgiftingar med paracetamol hos jenter som hos gutar.
I meir enn seks av ti av desse spørsmåla om paracetamolforgifting blant ungdom blei det vurdert som fare for moderat eller alvorleg forgifting. Begge desse risikokategoriane krev oppfølging på sjukehus.
LES OGSÅ: Paracet kan gje born astma
Fleire kvinner enn menn
Førespurnadane om paracetamol hos vaksne har også hatt ei kraftig auke. Giftinformasjonen har i hovudsak meldingar om akutte eksponeringar, som er inntak som strekker seg over mindre enn 24 timar.
Det er fleire spørsmål om paracetamolforgifting hos vaksne kvinner enn hos vaksne menn. I 2015 utgjorde vaksne kvinner 69,2 prosent av tilfella hos vaksne.
Ikkje alt kjem inn i statistikken
Giftinformasjonens kontaktrapportar er ikkje oversikt over forgiftingar i Norge. Truleg er det mange som ikkje kontaktar Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet, men heller kontaktar legevakt/AMK direkte.
Helsepersonell med erfaring frå slik forgiftingsbehandling vil ikkje alltid ringe Giftinformasjonen, og mange sjukehus brukar behandlingsanbefalingane som ligg tilgjengeleg på Helsebiblioteket, utan å kontakte Giftinformasjonen per telefon.
Kjelde: fhi.no