Vil ha ny opplæringslov for å sikre nynorskelevar

Etter landsmøtet i helga, har Noregs Mållag tre hovudkrav til ei ny opplæringslov som skal sikre nynorsken.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at Noregs Mållag hadde landsmøte i Vinje i helga, stiller dei tre hovudkrav til ei ny opplæringslov.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag.

– Dei språklege rettane må vidareførast og styrkjast, staten må ta ansvar for at desse rettane vert oppfylte, og lova bør sikre retten til språkdelte klassar ut heile grunnskulen, seier Magne Aasbrenn, attvald leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal arbeide fram grunnlaget for ei ny opplæringslov.

Viktig å sikre tidleg start med sidemål

Mållaget vil sikre at opplæringa i både nynorsk og bokmål held fram. Dei meiner det er viktig å sikre tidleg start med sidemål og ei sidemålsordning gjennom ungdomsskulen og studieførebuande vidaregåande opplæring, som har eigen standpunktkarakter og avsluttande eksamen i vidaregåande skule. Dette skal også styre språkvalet i norskopplæringa i vaksenopplæringa.

Staten sitt ansvar

Vidare seier Mållaget at staten må ta ansvar for at desse rettane vert oppfylte:

Læremiddel er nasjonale, ikkje kommunale. Det kan ikkje vere berre skuleeigar sitt ansvar at elevane får nynorske læremiddel. Mållaget vil at staten må skal sikre at læremiddel kjem på begge språk til same tid og pris. I dag er det alt for mange kommunar som ikkje tek på alvor kravet om at dei læremidla som vert nytta i skulen, skal vere på nynorsk. Dette gjeld særleg nye digitale læremiddel, der utvalet på nynorsk er dårleg, melder dei.

Staten må syte for ei godkjenningsordning for læremiddel som gjer at skulane enkelt kan skaffe seg oversyn over kva som ligg føre på både bokmål og nynorsk. Dette gjeld både trykte og digitale læremiddel, og må også gjelde læremiddel i norskopplæringa for vaksne innvandrarar.

Rett til språkdelte klassar ut heile grunnskulen

Om retten til språkdelte klassar ut heile grunnskulen, seier Mållaget at Stortinget i 2016 vedtok å utgreie saka om Odda-modellen, men saka er enno ikkje lagt fram for Stortinget. Heller ikkje Utdanningsdirektoratet har gjort ferdig si handsaming. Noregs Mållag meiner at saka er eitt år på overtid, og krev at Regjeringa legg saka fram for vedtak i laupet av 2018.

– Det bør vere ein rett å gå i nynorskklasse i alle nynorskkommunar og i dei store byane. Kravet frå 2003 om at det skal vere minst ti elevar att med det opphavlege hovudmålet, bør innførast igjen. Eit slikt krav vil hindre unødvendig utarming av nynorskklassane, melder Mållaget.