Spørsmålet vart stilt av Grøn Ungdom, og fekk veldig ulike svar frå bøndene, dyrevernarane og partifeller.

Nordmenn et i snitt 76 kilo kjøt i løpet av eit år, ifølgje tal frå Helsedirektoratet – og forbruket aukar. Sidan 1999 har kjøtforbruket vårt auka med 20 prosent.

Produksjon og forbruk av kjøt står for enorme utslepp av klimagassar – Framtiden i våre hender reknar seg fram til at om alle kuttar ut kjøtet ein dag i veka, er det like effektivt for miljøet som å fjerna 200.000 bilar frå vegane.

Med så høge tal – må alle bli vegetarianarar for å få kontroll på klimaendringane? Spørsmålet vart stilt av Grøn Ungdom før helga, på ein debatt på Eldorado Bokhandel i Oslo.

I panelet sat Noregs Bondelag, dyrevernorganisasjonen NOAH og Miljøpartiet Dei Grøne. Alle hadde sine svar, og ingen av dei var like.

LES OGSÅ: – Me kan ikkje leva på IKEA-møblar

BritaSkallerudBondelaget

Brita Skallerud er nestleiar i Noregs Bondelag. Ho meiner ikkje at alle bør bli vegetarianarar – det viktigaste er at Noreg er sjølvforsynte med mat. Foto: Anders Veberg

– Gras må gjennom ein dyremage
– Nei, me treng ikkje å bli vegetarianarar, svarar Brita Skallerud, nestleiar i Noregs Bondelag fort.

– Det er ein ressurs me har veldig mykje av, og det er gras. Det kan ikkje menneskjer eta, og då må det gjennom ein dyremage for at me skal nytta det. Med tanke på klimaet meiner me det er kjempelurt å bruka storfe og sau for å utnytta denne ressursen.

– Men kva med det store klimaavtrykket nettopp storfe legg igjen – går det opp i opp?

– Folk skal uansett ha mat, og då meiner me det er best at me produserer den i Noreg. Alle blir ikkje vegetarianarar uansett, og det er mykje betre at me produserer kjøt her enn andre stader der klimaavtrykket er større, svarar Skallerud, og trekk fram mellom anna kombinasjonskua me har i norsk landbruk – rasen Norsk raudt fe produserer både kjøt og mjølk, medan mange andre land har ein rase for kjøt og ein for mjølk.

– Du får kjøt og mjølk for same rapen, legg Skallerud til.

Hovudmålet for Bondelaget er å produsera meir mat for norske ressursar – då må graset nyttast betre, meiner Skallerud.

SiriMartinsenNOAH

Siri Martinsen, leiar i NOAH, etterlyser meir vegetarisk innovasjon i Noreg. Foto: Anders Veberg

For lite innovasjon
Motparten i debatten, Siri Martinsen i dyrevernorganisasjonen NOAH, har eit litt anna syn på spørsmålet om alle må kutta ut kjøtet.

– Eg tykkjer spørsmålet har ein rar klang. At ein må noko høyres negativt ut, men det ein spør om er om me bør gjera det som er best for dyr, jorda og oss sjølve. Og det bør ein. Det er ikkje eit offer å eta vegetarisk, det er både sunt og godt. Det går også minst ut over miljøet og medskapningane våre, seier Martinsen, som meiner det er få grunnar igjen til å ikkje bli vegetarianar.

At bøndene er motpart i spørsmålet, og ikkje ein samarbeidspartnar, tykkjer ho er rart.

– Det er pussig at dei ikkje er meir ivrige på vegetarisk innovasjon, som belgvekstar og andre nye produkt. Det er kjøt- og mjølkeproduksjon som har blitt prioritert og subsidiert, men all mat kjem frå landbruket.

Om alle kan overtydast om å kutta ut kjøtet heilt, er ikkje Martinsen heilt sikker på.

– Folk flest må først sjå dei gode grunnane, og det gjer veldig mange allereie. Stadig fleire engasjerer seg i dyr sine rettar, og miljøargumenta blir meir synlege. Folk må sjå at om dei vil visa omsyn til dyr og miljø er dette eit greitt val. Det er også viktig å visa at ein ikkje tapar noko, og det gjer ein jo ikkje, seier Martinsen.

LES OGSÅ: Matjord – eit klimaspørsmål

UneAinaBastholmMDG

– Den politiske oppgåva er å legga til rette for at flest mogleg kan bli det, og visa at det kan vera både spennande og bra. Men er det ei politisk oppgåve? spør Une Aina Bastholm frå Miljøpartiet Dei Grøne. Partiet hennar meiner at ja – det er ei politisk oppgåve. Foto: Anders Veberg

Ei politisk oppgåve?
Politikarane var representert av Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) – medan ungdomspartiet Grøn Ungdom var arrangør. Une Aina Bastholm, vara for leiar Rasmus Hansson på Stortinget, fekk høyra fleire argument under debatten ho kunne vera einig i.

– Det er veldig bra å sjå at når Bondelaget får snakka om klima- og dyrevelferd, er dei også einige med Dei Grøne i veldig mykje. Eg gler meg til å sjå meir av den tonen under dei tøffe forhandlingane, seier Bastholm, som fryktar miljøtiltak som til dømes beitetilskotet kjem i andre rekkje i forhandlingar, når ein kjempar om milliardar i rammetilskot.

Ho har også sitt svar på spørsmålet som står i sentrum under debatten – må alle bli vegetarianarar?

– Den politiske oppgåva er å legga til rette for at flest mogleg kan bli det, og visa at det kan vera både spennande og bra. Men er det ei politisk oppgåve? Me meiner ja, men storparten av dei andre partia på Stortinget meiner ikkje det. Det viktigaste er at mange fleire bør eta mindre kjøt, svarar Bastholm, og forklarar kva MDG gjer for å oppnå akkurat det. Mellom anna har dei laga sitt alternative statsbudsjett, der forskingsmidlar til nettopp matproduksjon i Noreg – til dømes andre proteinkjelder og belgvekstar – blir prioritert.

Middelvegen: Mindre kjøt?
Alle insisterte ikkje på at alt kjøt må kuttast fullstendig frå kosthaldet. Bastholm frå MDG meinte at det viktigaste er at me et mindre kjøt – noko også Siri Martinsen frå NOAH var einig i.

– Det er ein veldig god start. Me har til dømes samarbeid med nesten alle studentkantinene om å ha vegetartilbod ein dag i veka – Meatless Monday. Men då er det viktig at ein har gode vegetartilbod resten av veka også, men kanskje ein ekstra innsats måndagar. Det er ikkje vanskeleg, men alt ein ikkje har gjort før verkar vanskeleg – då er det fint å starta med ein dag i veka, seier Martinsen.

Også Noregs Bondelag har trua på litt mindre kjøt i kvardagen. Brita Skallerud fokuserte også på at me måtte bli betre til å forsyna oss sjølv med mat i Noreg, og ikkje vera avhengige av andre. I dag produserer me under halvparten av maten vår sjølv.

– Norske bønder klarar ikkje å forsyna forbrukaren slik det er i dag. Me var sjølvforsynte på kjøt, men me er det ikkje no. Fram til det er på stell, har me ikkje noko imot at folk er meir kritiske til kva kjøt ein eter – det er stor skilnad på å kjøpa norsk lammekjøt og argentinsk biff, som blir produsert på ein langt mindre miljøvenleg måte, seier Skallerud.

LES OGSÅ: Kvar skal me få maten frå?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE